Peter S. Brandal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Peter S. Brandal
Fødd 21. desember 1870
Død

23. mars 1933

Yrke forretningsdrivande

Peter Andreas Severinsen Brandal (21. desember 187023. mars 1933) var ein norsk selfangstpioner og reiar frå Brandal i HareidSunnmøre. Han tok til som fiskar 15 år gamal. 24 år gamal fekk han bygd seglskøyta «Minna» i Hardanger. Den eigde han ilag med brørne sine. Med denne skuta var Petter S. Brandal den første som dreiv Ishavsfangst frå Sunnmøre.

I 1911 skaffa han seg to skuter som båe hadde dampmaskiner. «Jopeter» var den første spesialbygde selfangarskuta. Peter Brandal gjekk i land og vart reiar på heiltid. I 1912 vart selskapet Peter S. Brandal & Co A/S skipa for å foredle selprodukt.

For å skaffe kol til dampmaskinane på skutene sine, tok han til å bryte kol på Svalbard. Saman med andre sunnmøringar skipa han Kings Bay Kull Company. Drifta vart ikkje lønsam, og i 1929 gav aksjonerane aksjane til staten ved Svalbardkommisjonen.

I 1925 skipa Peter S. Brandal A/S Søndmøre Sælfangere saman med Martin Karlsen. I 1933, same året som Peter S. Brandal døydde, stod dei bak Brandal Sildeoljefabrikk A/S.

Peter S. Brandal var riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden

Kjelder[endre | endre wikiteksten]