Peter Schmeichel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Peter Schmeichel
Peter Schmeichel-2011.jpeg
Fødd 18. november 1963
Gladsaxe kommune
Peter Schmeichel på Commons

Peter Bolesław Schmeichel (fødd 18. november 1963) frå Gladsaxe er ein dansk, tidlegare fotballspelar. Schmeichel, som var målvakt, er særleg kjend for å han spela på den engelske klubben Manchester United og på det danske landslaget.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Schmeichel spelte for den lokale klubben Galdsaxe-Hero mellom 1981-84. Frå 1984 spela han før tre år for den danske toppklubben Hvidovre og sidan fire år for Brøndby IF. Mellom 1991 og -99 spelte han for Manchester United i England, der han var med å vinne fem ligameisterskap, FA-cupen tregongar og til sist Meisterligaen. 1999-2001 stod han i mål for Sporting Lisboa i Portugal, før han avslutta som aktiv med to sesongar i engelsk liga, først ein sesong for Aston Villa og så den siste sesongen for Manchester City.

Han la opp våren 2003.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Schmeichel debuterte for Danmark sitt landslag i ein kvalfiseringskamp til sommar-OL 1988 mot Hellas i Levadia. Han deltok i fem sluttspel for Danmark; europameisterskapa 1988, 1992, 1996 og 2000, dessutan i VM i fotball 1998 i Frankrike. Berre Michael Laudrup har like maneg sluttspel av danske fotballspelarar. Høgdepunktet kom i 1992 då han heldt buret reint då Danmark vart europameister med 2-0 ov Tyskland i finalen. Mot Slovenia i 2001 stod han i mål i sin 129. og siste landskamp.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • 1987: Seriemeister i Danmark med Brøndby IF
  • 1988: Seriemeister i Danmark med Brøndby IF
  • 1989: Serie- og cupmeister i Danmark med Brøndby IF
  • 1992: Vinnar av EM med Danmark og av den engelske ligacupen med Manchester United
  • 1993: Vinnar av FA Premier League med Manchester United
  • 1994: Vinnar av Premier League og FA-Cupen med Manchester United
  • 1996: Vinnar av Premier League og FA-Cupen med Manchester United
  • 1997: Vinnar av Premier League med Manchester United
  • 1999: Vinnar av Meisterligaen, Premier League og FA-Cupen med Manchester
  • 2000: Seriemeister med Sporting Lisboa

Heider[endre | endre wikiteksten]

  • Årets spelar i Danmark i 1990, 1993 og 1999.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]