Pjotr Svidler

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Peter Svidler)
Pjotr Svidler


Verkeleg namn Пётр Свидлерr
Statsborgarskap Russland, Sovjetunionen
Fødd 17. juni 1976 (47 år)
St. Petersburg
Idrett sjakk
Tok del i

Sjakk-OL 1994, Sjakk-OL 1996, Sjakk-OL 1998, Sjakk-OL 2000, Sjakk-OL 2002, Sjakk-OL 2004, Sjakkolympiaden 2006, Sjakk-OL 2008, Sjakk-OL 2010, Sjakkolympiaden 2014

Pjotr Venjaminovitsj Svidler eller Peter Svidler (fødd 17. juni 1976 i Leningrad) er ein russisk sjakkspelar, stormeister i sjakk. Han har vunne den russiske meisterskapen i sjakk heile seks gongar, i 1994, 1995, 1997, 2003, 2008 og 2011[1]. Han har også ein delt andreplass i VM i sjakk 2005.

VM-deltaking[endre | endre wikiteksten]

Han delte andreplassen med Viswanathan Anand i FIDE-VM i sjakk i 2005 med 8,5 poeng på 14 parti, 1,5 poeng etter vinnaren Veselin Topalov. Denne andreplassen gav han ein plass i VM i sjakk 2007. Der vart han nummer 5 av åtte deltakarar, med 6,5 poeng av 14 moglege.

Sjakk-karriere - nokre resultat[endre | endre wikiteksten]

Svidler lærte å spele sjakk då han var seks år. I 1992 delte han førsteplassen med Ragim Gasimov i Den opne Sovjetmeisterskapen for juniorar.[2]

Han blei stormeister i 1994.

Han delte førsteplassen med Vladimir Kramnik og Michael Adams i Dortmund i 1998.

Han vann Biel internasjonale sjakkfestival i 2000.

I 2001 nådde han semifinalen i FIDE-VM i sjakk 2002. Han tapte semifinalekampen mot den seinare verdsmeisteren Ruslan Ponomarjov.

I 2006 vart han nummer to etter Alexander Grisjtsjuk ved Verdsmeisterskapen i lynsjakk i Rishon Lezion, Israel, med 10,5 poeng på 15 parti.

Han delte førsteplassen med Vladimir Kramnik i Dortmund i 2006.

Chess960[endre | endre wikiteksten]

Svidler er sterk i såkalla Fischer Random Chess, også kalla Chess960. Han vann den første utgåva av Chess960 Open i Mainz, Tyskland. I Mainz Chess Classic i 2003 vart han verdsmeister i Chess960 ved å slå Péter Lékó i ein tvikamp over åtte parti. Han forsvarte denne tittelen to gongar, ved å slå Levon Aronian i 2004 og Zoltán Almási i 2005, før han tapte mot Aronian i 2006.

Rating[endre | endre wikiteksten]

Topp FIDE-rating for Pjotr Svidler var 2765, i januar 2006. Han hadde per 1. mai 2010 ein FIDE-rating på 2735, noko som gir ein 15. plass på verdsrankinga til FIDE.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]