Peter T. Malling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Peter T. Malling
Fødd 20. november 1807
Død

19. april 1878
Christiania

Peter Tidemand Malling (24. november 180719. april 1878) var ein norsk boktrykkar og bokhandlar frå Drammen, aktiv i Christiania.

Malling var son til ein kjøpmann i Drammen, og gjekk Strømsø Borgerskole og på latinskulen i heimbyen. Sidan var han læregut i Det Rhodeske Bogtrykkeri i Drammen. Då læretida var over, reiste han til Amsterdam og arbeidde på eit av dei større trykkeria i byen.

Han vende etter nokre år tilbake til Noreg og Christiania, og var då faktor i Det Wintherske Trykkeri og sidan hos Guldberg & Dzwonkowski. I 1838 grunnla han sitt eige trykkeri, basert på ein liten arv, og året etter ein forlagsbokhandel. Forretninga voks etter kvart til å verte ei av dei fremste bokhandlerforretningane i Norden. Frå 1840 tokhan til med forlagsdrift. Verksemda vart verande på same adressa, til dess eigedomen vart seld i 1873. Malling gjekk då i kompaniskap med Georg Parmann, og forretninga flytta til den langt større Køckeritzke Væveribygning i Øvre Slottsgate. Verksemda vart utvida til også å omfatte sortementshandel og undervisningsmateriell. Etter få år gav arbeidet med skulemateriell så stort og sikkert overskot at sortementshandelen vart avvikla og verksemda samla seg om produksjon og handel med læremidlar.

Malling var i mange år medlem av Kristiania bystyre. Han var elles formann i Bokhandlerforeningen og deltok i ulike foreiningar og almennyttige tiltak, mellom anna var han den fyrste kassereren i Den norske historiske forening.

Malling var utnemnd til riddar av St. Olav.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]