Peter Taugwalder

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Peter Taugwalder
Peter Taugwalder.tiff
Fødd 4. april 1820
Zermatt
Død

10. juli 1888
Schwarzsee i Zermatt

Yrke Fjellfører
Peter Taugwalder på Commons

Peter Taugwalder (5. mai 182011. juli 1888) war ein sveitsisk fjellklatrar og -førar frå Zermatt, der han også døydde.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Fjelltoppane Castore og Pollux. Taugwalder var i 1864 mellom dei tre fyrstebestigarane av Pollux
Matterhorn, med både Hörnligrat og nordveggen

Foreldra til Taugwalder var fjellbønder. Han vart sjølv bonde, men dreiv også i mange år som fjellførar. Ved sidan av fleire fyrstebestigingar, leia han i 1851 dei tre forskarbrørne Schlagintweit til topps på austtoppen av Monte Rosa.[1] Det var andre gonge folk kleiv opp Monte Rosa.

Taugwalder og den samnemnde sonen var mellom dei sju, som den 14. juli 1865, som dei aller fyrste makta å klatre til topps på Matterhorn. Klatreturen kom i stand på oppdrag frå briten Edward Whymper, som hadde med seg landsmennene Francis Douglas, Charles Hudson og Robert Hadow, samt fjellførarane Michel Croz og Taugwalder. Ferda til topps gjekk frå Zermatt over Hörnligrat.

Under nedstiginga, som vart lagt til nordveggen, styrta fire mann i dauden. Hadow rausa ut og drog med seg Croz, Hudson og Douglas. Far og son Taugwalder prøvde å halde att dei som sklei ut, men tauet rauk. Edward Whymper og Taugwalder-karane tok seg uskadde ned til Zermatt.

Ulukka på Matterhorn og dei påfylgjande skuldingane gjekk mykje inn på Taugwalder. Han dreiv på som fjellførar nokre år til, men reiste så til Nord-Amerika. Etter heimferda til Sveits døydde han i grenda Schwarzsee i Zermatt.

Notar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]