Peter Valeur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Peter Valeur
Fødd27. juli 1847
Død3. august 1922
NasjonalitetNoreg
PartiSamlingspartiet
Yrkepolitikar

Peter Valeur (27. juli 18473. august 1922) var ein norsk embetsmann frå Bergen, som ein valbolk representerte SamlingspartietStortinget

Prestesonen Valeur var fødd i Bergen. Han gjekk tre år i handverkarlære, deretter vart han student i 1868. I 1869 tok han offiserseksamen og vart utnemnd til sekondløytnant. Han studerte så jus og vart cand.jur. i 1873.

I 1874 vart han sorenskrivarfullmektig i Sunnfjord, der han ei tid også var konstituert fut. Frå 1875 arbeidde han i Armedepartmentet, fyrst som kopist, sidan 1883 som fullmektig. Han fekk stilling som postinspektør i 1886. Frå 1890 var han postmeister, fyrst to år i Kristiansund, sidan 1892 i over 20 år i Kristiansand.

Valeur representerte einmannskrinsen Fæstningen i Kristiansand på Stortinget i 1906-09, der han var medlem av Lagtinget og av gasje- og pensjonskomiteen. I 1905 stifta han Kristiansands og omegn jorddyrkingsselskap, der han vart fyrste formannen. Han var elles medlem av bystyret i Kristiansand.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]