Peter-John Vettese

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Peter Vettese)
Peter-John Vettese
Fødd15. august 1956 (67 år)
FødestadSkottland
FødenamnPeter-John Vettese
AliasPeter Vettese
OpphavSkottland, Storbritannia
Aktiv1965 til i dag
SjangerProgressiv rock, pop
InstrumentTangentinstrument
Tilknytte artistarJethro Tull
PlateselskapKobalt Music
Verka somMusikar, låtskrivar, arrangør, produsent

Peter-John Vettese (fødd 15. august 1956)[1] er ein skotsk klaverspelar, låtskrivar, arrangør og plateprodusent.

Vettese vart medlem av Jethro Tull i 1982 for innspelinga av albumet deira Broadsword and the Beast,[1][2][3] og turnerte mykje med bandet dei neste åra,[4][5] og er med på albumet Live at Hammersmith '84. Vettese medverka i stor grad på det tungt elektroniske albumet Under Wraps, (1984)[1] og turnerte igjen med bandet i 1986. Han var òg gjestemusikar på albumet Rock Island (1989).

Vettese samarbeidde med frontmannen i Tull, Ian Anderson på soloalbumet hans Walk Into Light i 1983.[1][3][6][7] Vettese var medlåtskrivar på halvparten av songane der han nyttar mykje elektroniske tangentinstrument.[6][7]

Etter dette starta Vettese karrieren sin som låtskrivar, arrangør og produsent. I 1980-åra arbeidde han med og prorduserte artistar som Frankie Goes to Hollywood, Go West, Pet Shop Boys, Bee Gees, Cher, Foreigner, Carly Simon og Clannad. I 1987 spelte han i studio med Paul McCartney, men avslo eit tilbod om å verte medlem av det gjenforeinte bandet til McCartney, Wings.

I nyare tid har han arbeidd med Simple Minds, Annie Lennox (vann Grammy for arrangementet på Walking on Broken Glass), Zucchero, Peter Cox, Heather Small, Dido, Sophie B. Hawkins, Andy Leek, Beverley Knight, Gary Barlow, Mark Owen, Geri Halliwell, Melanie C, Nate James, Alex Parks, Darren Hayes, Robin Gibb, Laura Critchley, Peter Heppner og Spark.[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Peter Vettese». The Official Jethro Tull Website. Henta 15. september 2012. [daud lenkje]
  2. «Peter-John Vettese - Biography». AllMusic. Henta 15. september 2012. 
  3. 3,0 3,1 «Jethro Tull - Biography». AllMusic. Henta 15. september 2012. 
  4. «There's More To Jethro Tull Than Ian Anderson». Pittsburgh Press - Google News Archive. 23. oktober 1984. Henta 15. september 2012. [daud lenkje]
  5. «Jethro Tull Delights Loyal, But Few, Fans». Pittsburgh Press - Google News Archive. 1. november 1984. Henta 15. september 2012. 
  6. 6,0 6,1 «Ground and Sky review - Ian Anderson - Walk Into Light». Ground and Sky. 28. desember 2003. Arkivert frå originalen 5. januar 2011. Henta 15. september 2012. 
  7. 7,0 7,1 «Ian Anderson - Walk Into Light reviews». Progarchives. Henta 15. september 2012. [daud lenkje]
  8. «Keyboard star returns to festival to bury demons». Herald Scotland. 2. august 2010. [daud lenkje]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]