Hopp til innhald

Petidin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Molekylmodell.

Petidin (C15) er eit smertelindrande legemiddel som tilhøyrer gruppa opioid. Petidin, som injeksjonsvæske, blir nytta på sjukehus som bedøving og smertelindring ved kirurgiske inngrep.

Petidin blei syntetisert av tyske kjemikarar i 1930-åra på jakt etter ei erstatning for atropin. Under dyreforsøk oppdaga ein den smertestillande effekten. Dette er eit av dei få opioida som ikkje får pupillane til å trekka seg saman. Pedtidin har heller ikkje same tendens som morfin til å forårsaka forstopping.

Petidin bør ikkje nyttast i lengre periodar ettersom skadelege mengder av metabolittar, norpetidin, samlar seg opp i kroppen.

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]
  • Rang, H. P.; Dale, M. M.; Ritter, J. M.; Moore, P. K. (2003). Pharmacology (5 utg.). Edinburgh New York: Elsevier Limited. ISBN 0-443-07145-4. 
  • Rang, H. P.; Dale, M. M.; Ritter, J. M.; Flower, R. J.; Henderson, G. (2012). Rang and Dale's pharmacology (7 utg.). Edinburgh New York: Elsevier/Churchill Livingstone. ISBN 978-0-7020-3471-8.