Petone

Koordinatar: 41°13′00″S 174°52′40″E / 41.21667°S 174.87778°E / -41.21667; 174.87778
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Petone
Petone Wharf på ein stormfull dag.
Petone Wharf på ein stormfull dag.
Petone Wharf på ein stormfull dag.
Styresmakter
Land
New Zealand
New Zealand
Grunnlagd 1840
Geografi
Innbyggjarar[1]
 - Forstad (2006)

6 609
Koordinatar 41°13′00″S 174°52′40″E / 41.21667°S 174.87778°E / -41.21667; 174.87778
Tidssone
- Ved sommartid
+12 (UTC)
+13 (UTC)

Petone (Māori: Pito-one) er ein større forstad til byen Lower Hutt i regionen WellingtonNew Zealand. Han ligg i den sørlege enden av den tronge triangulære elvesletta til Hutt River, på den nordlege breidda til Wellington Harbour. Namnet kjem frå māori Pito-one, som tyder «enden av sandstranda»[2].

Historie[endre | endre wikiteksten]

Petone var den første europeiske busetnaden i Wellington, og har mange historiske bygningar og landemerke. Dei første nybyggjarane kom hit i januar 1840, på skipet Aurora. Etter at enno eit skip, Cuba, nådde fram, vart det laga skisser for ein britisk busetnad på denne staden. Men på den tid var her sumpmark og flaumfåre, så dei første nybyggjarane tykte det var hardt å leva her, og han vart fråflytta etter nokre få månadar. Det vart peika ut ein ny stad, ved strendene til det som no er byen Wellington, hovudstaden på New Zealand.

Inntil 1980-åra var Petone ein blømande, stort sett arbeidarklasseby, og sete for fleire større industriverksemder. Storparten av desse, mellom anna ein bilmonteringsfabrikk og matvarefabrikkar, vart stengde på 80-talet, noko som førte til økonomiske nedgangstider. Petone var ein sjølvstendig by (borough) til han ved lokalstyrereformene i 1989 vart slått saman med Lower Hutt. Forstaden har seinare opplevd ny økonomisk vekst, og har bruka den tidlege europeiske arven han har som eit trekkplaster for turistar.

Offentleg bustadbygging[endre | endre wikiteksten]

Nokre av dei første offentlege bustandane på New Zealand vart reiste i Petone i 1907. Somme av desse bygningane står enno og er i ein god tilstand.

Referansar[endre | endre wikiteksten]