Petra Fleischer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Petra Fleischer
Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. juni 1881
Skedsmo kommune
Død

8. mai 1963 (81 år)
Vikedal

Yrke misjonær, skribent, omsetjar
Politisk parti Kristeleg Folkeparti
Ektefelle Andreas Fleischer

Petra Amalie Margrethe Fleischer (28. juni 18818. mai 1963) var ein norsk forfattar, omsetjar, misjonær og fråhaldskvinne.[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Petra Fleischer var fødd i Skedsmo. Ho var dotter av sokneprest og prost John Svendsen Ulsaker og Marthe Marie Amble, og syster av komponisten Sven Ulsaker.[2] Ho kom tre år gammal til Vikedal i Ryfylke då faren i 1884 vart utnemnd til Vikedal sokneprestembete, og voks opp der. Frå 1893 var ho elev ved Fr. Rings jenteskule i Stavanger.

Virke[endre | endre wikiteksten]

i perioden 1899-1901 arbeidde ho halvanna år som guvernante. Ho lærte sjukepleie i Bergen i 1901-1902, og var i 1905 elev på Fødselsstiftelsen. Ho oppheldt seg i London i 1906, og reiste til Kina i 1907.[3]

Ho vart gift i i 1908 i Kina med teologen, misjonæren, sakprosaforfattaren og biskopen Andreas Fleischer (1878-1957) av slekta Fleischer, bror av general Carl Gustav Fleischer (1883–1942).

Som vaksen vart ho lidenskapeleg oppteken av misjonen, og ho engasjerte seg aktivt i kristeleg og sosialt arbeid, blant anna i den internasjonale fråhaldsrørsla Det Kvite Band. Fleischer stod som nummer fem på Den første lista til Kristeleg Folkeparti til stortingsval i Bergen, i 1926.

Ho skreiv ei rekkje bøker og småskrifter, og var ein periode redaktør for det kristelege tidsskriftet For heim og samfund. I 1945 gav ho ut ei bok om den islandske filantropen Ólafía Jóhannesdóttir. Akkurat som Ólafía engasjerte bispinne Fleischer seg for dei svakaste i samfunnet, og gjorde ein iherdig innsats for fengselsfuglar, heimlause og prostituerte i Bergen.[4]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1920: Slik har vi det, det Norske missionsselskab
  • 1921: Fortællinger for barn, Luthersk bokmission
  • 1925: Ved hjemmets arne
  • 1934: Hvad sier ditt liv?
  • 1935: Hjemmet – en helligdom og et ansvar, Norsk søndagsskoleforbunds skriftserie, nr. 3
  • 1936: Den fjerde bønn
  • 1945: Islenderinnen Olafia Johannsdóttir

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Dagen (Bergen) 1963.05.10. 1963. 
  2. Folketelling 1891 for 1157 Vikedal herred: Tellingskrets: 006 Tellingskrets 6: Hallingstad: Bosted land: 019 Hallingstad
  3. Olden, O.F. (1910). Atlas over norske missioner. I hovedkommission hos Lutherstiftelsen. s. 13. 
  4. Sandefjords Blad 1963.05.31. 1963. s. 5.