Hopp til innhald

Petra Hauan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Petra Hauan
Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. juli 1856
Overhalla
Død

1883 (27 år)

Yrke skribent

Petra Sophie Alberta Hauan (13. juli 18561883[1]) var ein norsk forfattar og dramatikar.

Liv og virke

[endre | endre wikiteksten]

Petra Hauan var fødd i Overhalla som dotter av ein skomakar i Namsos, Johan Edvard Hauan, og Nicoline Marie[2] Petersen. Ho forblei ugift, og gjekk bort i ung alder. Slektsnamnet er også skrive «Houan» og «Haugan».

Forfattarskap

[endre | endre wikiteksten]

Etter konfirmasjonen i Ålesund i 1871,[3] flytta Hauan til Bergen saman med mora. I Bergen arbeidde ho som syerske.[4]

Hauan skreiv føljetongromanar som blei publiserte i aviser i Trondheim og Bergen i 1870- og 1880-åra. Dei fleste av forteljingane hennar blei publiserte under psevdonymet «Lulla». Fleire av hennar forteljingar blei også publiserte i form av bøker. Forfattarskapen var produktivt, og av kort varigskap.

Hauun debuterte med dagboksromanen Blade af mit Livs Historie, som blei publisert som føljetong av Lulla i Bergens Tidende i 1877. Forteljinga «Tvende Kvinders Liv» blei gjeven ut posthumt i 1887.

Hauan sitt skodespel i fire akter, Valdemar Steen, blei oppført i Trondheim 15. desember 1884.[5] Stykket blei oppført av teaterselskapet til Olaus Olsen.[6] Urania Marquard Olsen spelte den kvinnelege hovudrolla som Louise Breien. Stykket blei opphavleg sendt inn til Adresseavisen i romanform.[7]

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]
  • 1877: Blade af mit Livs Historie, Bergens Tidende
  • 1877: Ingeborg og Thore – et Livsbillede fra Landet, Trondheim
  • 1878: Kjøbmand Aunes Datter, Trondheim
  • 1879: En Dagsjauersfamilie, føljetong i Dagsposten, Trondheim
  • 1879: Louise – hun halverer ikke, dramatisert forteljing i tre akter, Bergen
  • 1879: Reddet, føljetong i Dagsposten, Trondheim
  • 1882: Tromsøpigen, føljetong i Throndhjems Stiftsavis, Trondheim
  • 1884: Valdemar Steen, ikkje publisert
  • 1887: Tvende Kvinders Liv, føljetong i Tiden, Trondheim
  1. Smaalenenes Amtstidende 1884.12.17. 1884. s. 3.  «… som døde ifjor i en ung Alder.»
  2. SAT, Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Nord-Trøndelag, 764/L0551: Ministerialbok nr. 764A07a, 1824-1864, s. 171
  3. Ministerialbok for Ålesund prestegjeld 1864-1871 (1501P), Konfirmerte: 1871-10-01
  4. Folketelling 1875 for 1301 Bergen kjøpstad, Tellingskrets: 000, Bosted by: 1706 18-14
  5. Øisang, Ole (1941). Teater i Trondheim gjennom 125 år. Brun. s. 316. 
  6. Stavanger Amtstidende og Adresseavis 1884.12.24. 1884. s. 1. 
  7. Trondhjems borgerlige Realskoles alene-priviligerede Adressecontoirs-Efterretninger 1884.12.18. 1884. s. 2.