Petra Lie
Petra Lie | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 11. april 1848 Vardal kommune |
Død |
20. november 1907 (59 år) |
Yrke | tannlege |
Petra Lie (11. april 1848–20. november 1907) var ein norsk tannlege og filantrop. Då ho avla tannlegeeksamen i 1872, blei ho den fyrste kvinnelege tannlegen i Noreg.
Liv og virke
[endre | endre wikiteksten]Petra Lie studerte frå 1870 under tannlege Carstens i København, og fekk parallelt kveldsundervising hos professor Walløe. Etter halvanna års studium reiste ho vidare til den amerikanske doktor Salomon i Berlin for å lære gullplombering, som var nyaste mote innanfor tannbehandling.
Lie avla tannlegeeksamen med toppkarakter i Noreg 2. desember 1872, og blei dimed den fyrste kvinnelige tannlegen i landet. Etter avlagd eksamen studerte ho i ni månadar hos dr. med. Bruck i Breslau. I Tyskland blei ho kjend med bormaskinen, som ho tok med seg til Noreg i 1873. Ho har fått æra for å ha innført denne oppfinninga til landet, og blir sett på som ei føregangskvinne innan faget.
Lie etablerte si verksemd som tannlege i Kristiania, der ho dreiv ein blomstrande praksis. Mot slutten av livet måtte ho leggje ned praksisen på grunn av sjukdom. Dei siste åra budde ho på Bjartheim ved Diakonissehuset.[1]
I 1897 og 1907 drog ho på studiereiser i utlandet.
Ved sida av virket som tannlege engasjerte Lie seg i humanitært arbeid. Ho tok initiativet til opprettinga av «Gamlehjemmet» i Pilestredet (Cathinka Guldbergs Gamlehjem), og engasjerte seg i opprettinga av barneheimen til Cathinka Guldberg. I 1894 var ho medstiftar av Norsk kvindeforening til dyrenes beskyttelse.[2] Ho gav også tannlegebistand til Guttehjemmet i Geitmyrsveien, utan godtgjering.[3]
Petra Lie blei 25. november 1907 gravlagd på Diakonissehusets gravplass på Nordre gravlund under stor deltaking.[1] Fleire institusjonar og foreininger la ned kransar, blant anna Norske kvinders nationalraad, der Lie var medlem.[4]
Familie
[endre | endre wikiteksten]Petra Lie var dotter av landhandlaren Peder Lie og Sofie Janette Sørensen. Ho vart verande ugift.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 Jahnsen, Aug. B. (1919). Kvindelig Diakoni i Norges Kirke gjennem femti Aar. [s.n.] s. 187 ff.
- ↑ Flood, Imm. (1902). Dyrenes liv, dyrebeskyttelsen. s. 17–18.
- ↑ Heier, Johan (1998). Guttehjemmet. Oslo guttehjems sosialfond. s. 8. ISBN 8299470404.
- ↑ Petra Lie. Tidsskriftet Nylænde. 1. desember 1907. s. 363 ff. «En af vore mest fremragende kvindelige banebrydere, tandlæge Petra Lie, er afgaat ved døden.»
- Denne artikkelen bygger på «Petra Lie» frå Wikipedia på bokmål, den 22. mars 2023.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Tannlegetidende: Petra Lie – Norges første kvinnelige tannlege, besøkt 20/1 2021.