Petrocedeño

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kartskisse av nordaustre del av Venezuela med omrissteikning av Orinocobeltet i gult og området for utvinning av petroleum i Petrocedeñoprosjektet/Sincor i raudt. Raud prikka linje indikerer oljerøyrleidningen til José.
Illustrasjon: Rigg for brønnboring

Petrocedeño, tidlegare Sincor, er eit prosjekt for utvinning og sal av petroleumsressursar frå eit avgrensa område av Orinocobeltet i Venezuela. Utvinningsområdet er på 500 kvadratkilometer, ligg i delen av Orinocobeltet som kallast Junín, innanfor delstaten Anzoátegui. Dette er ca 220 kilometer inn i landet sør for kysten av Det karibiske havet.

Verksemda i prosjektet[endre | endre wikiteksten]

Oppstraumsanlegga ligg ved landsbyen San Diego de Cabrutica ca. 50 km sørvest frå byen El Tigre. Her er det skapt om lag 400 oljebrønnar som produserer ekstra tung råolje og bitumen. Tungolja vert tynna ut med nafta før ho vert pumpa opp, og ført gjennom oljerøyrleidningar nordover til eit raffineri ved byen Jose nær Puerto La Cruz ved kysten. Raffineriet har ein kapasitet på maksimalt 200 000 fat ekstra tung råolje og bitumen i døgnet. Det gjer om råstoffet til 180 000 fat høgkvalitets råolje, 6000 tonn koks og 900 tonn svovel om dagen på maksimal produksjon.

Petrocedeño er òg ansvarleg for marknadsføring og sal av produksjonen. Råolja vert selt til Sambandsstatane og Europa. Delar av produksjonen går dessutan til raffineri i Karibia.

Sikre petroleumsreservar som kan takast ut er 2,5 milliardar fat ekstra tung råolje og bitumen (2002). Verksemda er venta å halde fram til ca. år 2037 med dagens produksjonsrate. Utnyttingsgraden er mellom 5 og 10 %. Omkring 900 menneske er tilsette i Sincor i produksjonsfasen. Det er planlagt meir enn 900 brønnar totalt så lenge feltet lever, desse går ned til ei djupn på mellom 400 og 500 meter under bakken.

Prosjektet er i dag ått og drive av ein strategisk allianse mellom det venezuelanske oljeselskapet PDVSA, det franske Total og norske Statoil. Partnarskapen har investert over USD 5 milliardar i perioden frå 1998 til 2002.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Prosjektet kom i gang etter eit privatiseringsinitiativ frå den venezuelanske regjeringa i 1995 for å få auka utnyttinga av Orinocobeltet. Fram til den tid var det rekna som lite lønnsemd i å utnytte denne typen petroleumsressursar. Opphavleg var det fire deltakarar som fekk konsesjon og kjøpte seg inn i prosjektet i 1997, PDVSA (38 %), Total (32 %), Statoil (15 %) og Norsk Hydro (15 %). Så tidleg som i 1998 selde Norsk Hydro sin deltakardel til Total. I 2007 vart eigarskapsfordelinga endra etter at venezuelanske styresmakter nasjonaliserte petroleumsverksemda på nytt. Fordelingsnøkkelen for eigarskapen er no 60 - 30,33 - 9,67 til høvesvis PDVSA, Total og Statoil.

I starten var det røyster frå miljøvernrørsler mot prosjektet. Amazon Watch bad dei norske selskapa halde tilbake investeringar frå det dei kalla eit destruktivt prosjekt som ville leggje røyrleidningar gjennom sårbart regnskogsområde. Orinoco Oilwatch ønskte seg ein plan frå styresmakta for handsaming av konsekvensar og miljøpåverknadar av oljeverksemda.

Sincor var det andre tungoljeprosjektet i Orinocobeltet, planlegginga i Sincor starta i 1998 og konstruksjons og byggefasen overleverte anlegga i 2002. Totalt var om lag 40 000 menneske involvert under bygginga. Byggearbeida vart fleire gongar hindra av streikar og andre aksjonar. Til dømes vart vegen til raffineriet blokkert av fattige bebuarar frå El Viñedo i nærområdet. Seinare starta Sincor eit hjelpeprogram for å betre levekåra folket i El Viñedo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]