Petroecuador

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Petroecuador (Petróleos del Ecuador) er eit ecuadoriansk statseigd oljeselskap, skipa i september 1989. Selskapet kontrollerer leiting etter og utvinning av petroleum i alle nasjonale landområde og havterritorium.

Petroecuador er ei vidareføring av det tidlegare la Corporación Estatal Petrolera Ecuatoriana (CEPE) skipa i juni 1972staten tok sterkare nasjonal kontroll over petroleumsverksemd og kommersialisering av hydrokarbon i Ecuador. Det nye Petroecuador vart eit sjølvstyrt selskap med skyldnad for forvaltningsoppgåver og operative oppgåver i petroleumsverksemda. Dei skulle frå no av finansiere seg sjølv ved å ta 10 % av all profitt, medan opphavlege CEPE vart finansiert gjennom årlege statlege løyvingar.

Petroecuador er morselskap for fleire dotterselskap, dei tre største er:

Operatørskapet for oljerøyrleidninga Sistema Oleducto Trans-Ecuatoriano (SOTE) er òg under Petroecuador sitt ansvarsområde. Vidare har selskapet ei statleg forvaltingsoppgåve i å administrere tilbydarprosessane for leiteløyve og konsesjonar for å produsere petroleum.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]