Skarlaksflugeskvett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Petroica boodang)
Skarlaksflugeskvett
Skarlaksflugeskvetthoe
Skarlaksflugeskvetthoe
Skarlaksflugeskvetthann
Skarlaksflugeskvetthann
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Skarlaksflugeskvett
Utbreiinga av Skarlaksflugeskvett
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Parvorden: Passerida
Overfamilie: Petroicoidea
Familie: Flugeskvettar Petroicidae
Slekt: Petroica
Art: Skarlaksflugeskvett P. boodang
Vitskapleg namn
Petroica boodang

Skarlaksflugeskvett (Petroica boodang) er ein raudbrysta flugeskvett, vanleg i Australia. Arten lever på Det australske kontinentet og nærliggjande øyar, inkludert Tasmania. Schodde og Mason splitta arten i to i 1999,[1] og den originale samlinga av Gmelin frå Norfolkøya heldt fram med det spesifikke namnet multicolor og er no kjent med det engelske namnet 'Pacific Robin' ein art som lever frå Norfolkøya til Samoa.

Som andre artar av flugeskvettfamilien er skarlaksflugeskvetten ein tettvaksen sporvefugl med stort hovud. Dei varierer i storleik frå 12 til 13,5 cm i lengd og veg mellom 12 og 14 gram. Fjørdrakta syner kjønnsdimorfisme. Hannar har svart hovud, rygg og hale, svarte og kvite venger, raudt bryst og kvit panne, buk, undergump og kroppsside. Hofuglen har liknande fargemønster, men i meir avdempa farger. Ungfuglar liknar hofuglen, utan raudt på brystet.

Utbreiingsområdet er Australia frå sør Queensland til sentrale Sør-Australia, Tasmania og sørvestre Vest-Australia. Dei er vanlegvis standfuglar, men somme populasjonar på fastlandet gjer mindre lokale flyttingar haust og vinter, anten til meir opne habitat eller til lågare høgder, også urbane område. Skarlaksflugeskvett er mest vanleg i lauvskog av eukalyptus frå havnivå opp til 1000 m, særleg i opne habitat med grassletter og buskar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


  • BirdLife International. 2017. Petroica boodang. The IUCN Red List of Threatened Species 2017: e.T22735719A112749310. Henta 22. juni 2022
  • Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Schodde R, Mason IJ (1999). The Directory of Australian Birds: Passerines. A Taxonomic and Zoogeographic Atlas of the Biodiversity of Birds in Australia and its Territories. Collingwood, Australia: CSIRO Publishing. s. x 851 pp. ISBN 0-643-06456-7. 
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.