Persilleslekta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Petroselinum)
Persilleslekta
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Skjermplanteordenen Apiales
Familie: Skjermplantefamilien Apiaceae
Underfamilie: Apioideae
Stamme: Apieae
Slekt: Persilleslekta Petroselinum
Hill, 1756

Persilleslekta (Petroselinum) er ei planteslekt med to artar i skjermplantefamilien Apiaceae. Dei veks naturleg i Vest- og Sør-Europa og i Nord-Afrika.[1] Dei er grøne toårige urter som ein sjeldan gong er eittårig. Planta er er heilt glatt utan hår. I løpet av det første året dannar dei ein rosett med finna eller tredobbelt finna blad og ei pælerot som blir nytta som næringslager (opplagsnæring) over vinteren. I det andre året gror det opp ein blomsterstilk som kan bli opptil 1 m høg med få blad og ein skjerm med kvite eller lilla til gul-grøne blomstrar.[2][3]

Artar[endre | endre wikiteksten]

Petroselinum crispum (hagepersille) frå det sørlege Europa og det nordlege Afrika (Sør-Italia, Algerie, Tunisia) er ein viktig kulinarisk urt som er mykje nytta som smakstilsetting og som grønsak.

Petroselinum segetum (kornpersille) frå det vestlege Europa (Storbritannia og Nederland sørover gjennom Frankrike til Italia, Spania og Portugal) er òg etande med lik smak, men blir ikkje dyrka i så stor grad som P. crispum. Han veks på grasenger, i hekkar og på elvebreidder. I Storbritannia er den avgrensa til låglandet i det sørlege og sentrale England (nord til Yorkshire) og til det sørlege Wales. Han blir mindre og mindre vanleg på grunn av intensivt landbruk.[2] Den har smalare, meir lansettforma blad enn P. crispum, og blada er berre finna og ikkje tredobbelt finna.[3]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. The Euro+Med Plantbase Project: Petroselinum Arkivert 2012-03-09 ved Wayback Machine.
  2. 2,0 2,1 Blamey, M. & Grey-Wilson, C. (1989). Illustrated Flora of Britain and Northern Europe. ISBN 0-340-40170-2
  3. 3,0 3,1 Interactive Flora of NW Europe: Petroselinum species list[daud lenkje] og genus description[daud lenkje]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]