Petrozavodsk

Koordinatar: 61°47′0″N 34°21′0″E / 61.78333°N 34.35000°E / 61.78333; 34.35000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Petroskoi)
Petrozavodsk
Петрозаводск
Horisonten til Petrozavodsk
Horisonten til Petrozavodsk
Flagget til Petrozavodsk Byåpenet til Petrozavodsk
Flagget til Petrozavodsk Byvåpenet til Petrozavodsk


Plassering
Petrozavodsk is located in Russland
Petrozavodsk is located in Karelia
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Karelia
Grunnlagd
Bystatus
1703
1777
Borgarmeister Irina Mirosjnik
Geografi
Flatevidd
 - By

113 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

266 300
  2 356,6 /km²
Koordinatar 61°47′0″N 34°21′0″E / 61.78333°N 34.35000°E / 61.78333; 34.35000
Høgd over havet 60 moh.
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 185000–185036
Retningsnummer (tlf) (+7)8142
Nettstad: www.petrozavodsk-mo.ru

Petrozavodsk (russisk Петрозаво́дск), eller Petroskoi (karelsk og finsk), er hovudstaden i den autonome russiske republikken Karelia. Det finske namnet på byen var Äänislinna (frå Ääninen, finsk namn på Onegasjøen). Byen vart gjeven dette namnet medan Finland okkuperte dei austlege delane av Karelen under finske framhaldskrigen (1941–1944).

Petrozavodsk ligg i Petrozavodskbukta ved den vestre breidda av innsjøen Onega, kring 500 km nord for St. Petersburg og 925 km nordvest for Moskva. Byen strekkjer seg 10 km langs breidda, og kring 2 km inn i landet. Det er to flyplassar i Petrozavodsk, hamna handterer gods- og passasjertrafikk og jarnbanen til Murmansk går gjennom byen. Frå hamna går det båt til øya Kizji, som er på UNESCO si liste over verdsarv.

Byen vart grunnlagd av tsar Peter den store i 1703. På denne tida vart det bygd opp jernstøyperi og kanonfabrikk ved breidda av Onega. Kring fabrikken utvikla det seg ein landsby, Petrovskaja Sloboda. Fabrikken vart kjend for sine kanonar og si kunststøyping. Landsbyen fekk bystatus og namnet «Petrozavodsk» i 1777, då Katarina den store regjerte i Russland.

Petrozavodsk er republikken Karelia sitt administrative senter og viktigaste industriby. Byen har 282 900 innbyggjarar og er republikken sitt vitskaplege og kulturelle senter. Det er to universitet og fleire høgskular i byen. Statsuniversitetet i Petrozavodsk har òg eit skandinavisk institutt som vart grunnlagd i 1997. Kulturtilbudet er stort, med fleire teater, konserthus og kunstmuseum. Det er òg fleire kyrkjer i Petrozavodsk; Katarinakyrkja, Krosskyrkja, Den lutherske kyrkja og Alexander Nevskij-kapellet. Det er reist eit monument over Peter den store ved stranda.

Folk frå Petrozavodsk[endre | endre wikiteksten]

Bilete frå byen[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Petrozavodsk