Petsjenga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart over Petsjenga. Grønt område er den del av Fiskarhalvøya som Finland avstod til Sovjetunionen etter Vinterkrigen, resten vart avstått etter den finske framhaldskrigen, bortsett frå det raude området, Jäniskoski som Finland selde til Sovjetunionen i 1947 i byte mot dei tyske eigedomane Sovjetunionen konfiskerte i Finland.

Petsjenga (finsk Petsamo, russisk Печенга, nordsamisk Beahcán, skoltesamisk Peäccam) i den sørlege delen av Pasvikdalen er eit russisk område på 10 470 km2 i distriktet med same namnet. Distriktet (med omkring 11 000 innbyggjarar) ligg i Murmansk oblast og grensar mot Noreg.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Området var opphavleg ein del av eit felles norsk og russisk skatteland, men 14. mai 1826 vart grensekonvensjonen mellom Noreg-Sverige og Russland underteikna i St. Petersburg. Grensestrekninga over land mellom Noreg og Russland var dermed avklart utan samanstøytar.

Etter det russiske nederlaget i første verdskrigen vart Petsjenga overført til Finland, i samsvar med fredsavtalen i Dorpat 14. oktober 1920. Året etter vart det funne store nikkelførekomstar i området, og desse vart frå 1935 utvunne av canadiske og franske gruveselskap. For å lette tilkomsten vart det bygt veg frå Sodankylä i Lappland til Petsjenga.

Under vinterkrigen stod slaget om Petsjenga i perioden 30. november 1939-12. mars 1940. Krigen enda med sovjetisk siger, og sovjetstyrkar inntok heile området. Under fredsforhandlingane i Moskva i 1940 måtte Finland avstå vestre del av Fiskarhalvøya.

Området vart okkupert av tyske styrkar, med utgangspunkt i Kirkenes, under Operasjon Barbarossa og var under tysk okkupasjon under kampane på murmanskfronten. Etter den tyske tilbaketrekkinga i 1944 vart Petsjenga okkupert av Den raude arméen og formelt avstått til Sovjetunionen innanfor Paristraktatane i 1947.

Konstantin Korovin: St. Trifons-elva i Petsjenga, 1894

I byen Petsjenga låg det ortodokse Petsjengaklosteret. Under framhaldskrigen vart klosteret evakuert til Savolaks, saman med klosteret som hadde lege på øya Valamo i Ladoga. I Savolaks vart dei samla under namnet Nye Valamo kloster.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Berggrunnen høyrer til Petsamo-supergruppa i Aust-Finnmarks grunnfjellsområde. Petsamo-supergruppa består av grønsteinar med eit basalkonglomerat under.

Petsjenga er aktuelt ilandføringsområde for gass frå det russiske Sjtokmanfeltet.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Petsjenga