Petter Andersen
| Petter Andersen | |
| Statsborgarskap | Noreg |
| Fødd | 2. januar 1974 (52 år) Oslo, Lørenskog |
| Idrett | lengdeløp på skeiser |
| Tok del i | Vinter-OL 2006, Vinter-OL 2002, Skeise-VM 1996 i firkamp, Skeise-VM 2000 i firkamp, Skeise-VM 2002 i firkamp, Skeise-VM 2002 i sprint-firkamp, Skeise-VM 2005 i sprint-firkamp, Sprint-VM på skøyter 2006, Enkeltdistanse-VM på skøyter 1998, Enkeltdistanse-VM på skøyter 2000, Enkeltdistanse-VM på skøyter 2001, Enkeltdistanse-VM på skøyter 2003, Enkeltdistanse-VM på skøyter 2004, Enkeltdistanse-VM på skøyter 2005 |
Petter Andersen (fødd 2. januar 1974) er ein norsk tidlegare skeiseløpar frå Kolbotn i Akershus. Han vart noregsmeister 1996 i firkamp og vann bronse på 1000 meter i VM enkeltdistansar 2005. Andersen var medlem i Aktiv skøyteklubb.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Andersen høyrde til noregseliten på skeiser frå 1994 til 2006. Vinteren 1996 vart han i Tromsø suveren norsk meister i firkamp. Han var ein ordinær utøvar på dei lange distansane og nådde dermed ikkje opp i tetsjiktet i europa- eller verdsmeisterskap. Best gjorde han det under europameisterskapen 2002 i Erfurt der han vann både 500 meter og 1 500 meter, måtte likevel nøye seg med ein femteplass samanlagt.
Etter kvart spesialiserte Andersen seg på dei kortare distansane opp til 1500 meter. I VM enkeltdistansar i Inzell i 2005 delte han bronsemedaljen på 1 000 meter med finske Pekka Koskela. Landsmannen Even Wetten vann gullmedaljen og nederlendaren Jan Bos sølv. Ved verdsmeisterskapen i firkamp i Heerenveen same sesongen fekk han bestetid på 500 meter, men enda samanlagt på ellevteplass.
Under dei olympiske leikane 2006 i Torino vart Andersen nummer 7 på 1500 meter.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Petter Andersen» frå Wikipedia på bokmål, den 30. november 2025.