Petter Dass-monumentet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Petter Dass-monumentet på Alstahaug
Avdukninga av Petter Dass-monumentet i 1908.

Petter Dass-monumentet er ein steinbauta på haugen vest for Alstahaug kyrkje.

Monumentet vart sett opp 26. august 1908, i høve 200-årsminnet for Petter Dass', dødsdag.

Ved avdukinga skal 5000 menneske ha vore til stades på Alstahaug, der Sofus Arctander heldt hovudtalen, som etterpå i fulltekst vart trykt i Aftenposten. Bauten er mura av stein, og han er godt synleg frå skipsleia. På ein hylle står ein bronsebyste som framstiller diktarpresten. Bauten er utforma av arkitekt August B.C. Nielsen, medan bilethoggar Georg Andreas Heggelund har laga bronsebysten.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]