Petter Dass-portrettet i Melhus kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Portrettet som er knytt til diktarpresten Petter Dass

Petter Dass-portrettet i Melhus kyrkje er eit måla presteportrett som Andreas Emil Erichsen ut frå innskriftene «MINISTERII XI» og «ÆTATIS XXXVII» og ein tradisjon i Dass-familien identifiserte som Petter Dass sitt portrett. Til si utgåve av Petter Dass' samla verk som kom ut i 1874, fekk Erichsen laga eit xylografi ut frå dette måla portrettet.

Det er omstridd om biletet verkeleg kan forestille Petter Dass; historikaren Kåre Hansen har med tyngde argumentert for at det er meir sannsynleg at biletet i Melhus kyrkje førestiller melhuspresten Oluf Mentzen Darre, eller forsåvidt ein annan, uidentifisert prest: Sidan ingen kunne bli tilsette i presteteneste før etter fylte 25 år er det ikkje å undrast over om det skulle vore fleire prestar som ved 37-års alder hadde vore i teneste i 11 år.

Portrettet er udatert, men innskrifta seier at den portretterte presten var 37 år gammal (eller i sitt 37. år) og hadde vore i teneste i 11 år då biletet vart måla. Kåre Hansen meiner at desse opplysningane ikkje kan stemme for Petter Dass, men at dei kan stemme for Oluf Mentzen Darre. Motsett meiner direktøren på Petter Dass-museet, Ivar Roger Hansen, at desse opplysningane stemmer for Petter Dass, men ikkje for Oluf Darre. Ivar Roger Hansen legg då til grunn at Petter Dass vart fødd i 1647 og at han byrja si presteteneste i 1673. Dersom portrettet forestiller Petter Dass, må det vere måla i 1683 eller 1684. Dersom det forestiller Oluf Darre, er det måla i 1672/73.

A. E. Erichsen spora opp biletet i samband med arbeidet med å samle tekstar av Petter Dass. Han kontakta mange personar og spurde om dei kjende til noko portrett av diktarpresten. I eit brev av 1. juni 1871 til Erichsen skreiv Sara Eitran, f. Dass (1796-?), at det skulle hengje eit portrett av Petter Dass i Melhus kyrkje, og ho fortalde ei segn om korleis biletet var komme dit. Biletet er første gong omtala i skriftlege kjelder frå 1815-17, då som eit portrett av ein gammal (uidentifisert) prest.

Anten biletet opphavleg skulle portettere Petter Dass eller ikkje, så viser det oss i dag eit bilete som folk identifiserer med diktarpresten Petter Dass. Portrettet er blitt eit varemerke for Dass, og vert bruka som det, både kommersielt og kunstnarisk.

Kjelder:[endre | endre wikiteksten]