Petter Hesselberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Petter Hesselberg (fødd 16. januar 1959) er ein norsk ingeniør og tidlegare friidrettsutøvar frå Trondheim. Han spesialiserte seg i hekkeløp og vann åra 1981-85 sju norske meisterskapsgull, fem på rad i 400 meter hekk og to på 110 meter hekk. Hesselberg var medlem i Byåsen IL.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Hesselberg vart andremann både på korthekken og langhekken ved NM i friidrett 1979, så vel som ved Friidretts-NM 1980, slått av fire ulike utøvar. Under noregsmeisterskapen 1981 sigra han i begge hekkeløpa, ein prestasjon han gjentok i 1983. På 400 meter hekk vart han derimot norsk meister fem år i rad frå 1981 til 1985.

I landskampen mot Sverige i 1983 sigra Hesselberg i begge hekk-øvingane. Eit par veker etter landskampen sette han norsk rekord med 50,90 sekund på Bislett stadion i Oslo. Knapt året etter, 28. juni 1984 forbetra han på same bana rekorden til 50,76, ein rekord som gjaldt i 19 år. Sitt beste løp på 110 meter hekk gjorde Hesellberg same året den 9. september i Romedal, under friidrettslandskampen mot Sveits og Nederland vart han nummer 2 på tida 14,24.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]