Petter Lillebrænd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Petter Lillebrænd (16. august 18963. januar 1987) var ein skulemann frå Nord-Aurdal.

Lillebrænd utdanna seg til cand.mag. i 1921 og cand.real. i 1923. Frå 1922 til 1952 underviste han ved den høgre allmennskulen til Gjøvik kommune. Han styrde elles yrkesopplæringa i Gjøvik frå 1936. Til sist var han rektor ved Gjøvik fylkesyrkesskole i tida 1952–65.

Lillebrænd var ein mann med stor tillit i Gjøvik-samfunnet. Såleis representerte han partiet Venstre i Gjøvik bystyre i 33 år (1929–59, 1964–67), 19 av åra med plass i formannskapet. Han var elles medlem i skulestyret og andre kommunale nemnder. Av ideelle lag og organisasjonar kan nemnast at han var formann i ungdomslag, og frå 1945 mangeårig formann i Folkeakademiens Landsforbund.

I 1949 gav han ut boka I krig langs Begna.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]