Petter Schramm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Petter Schramm
Petter Schramm.jpg
Petter Schramm i Slemmestad bibliotek februar 2010
Foto: Bente Elmung, Røyken og Hurums Avis
Nasjonalitet Norsk
Fødd 4. juni 1946
Arendal i Flag of Norway.svg Noreg
Død

27. juni 2014 (68 år)
Røyken i Flag of Norway.svg Noreg

Yrke Forfattar
Periode 20/21 århundre
Sjanger Poesi
Ektefelle Inger Elisabet Løkvik
Debut Gitarklode

Petter Schramm (fødd 4. juni 1946 i Arendal, død 27. juni 2014)[1][2] var ein norsk lyrikar.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Petter Schramm var fødd i Arendal og oppvaksen i Kristiansund. Han flytta derfrå i ein alder av 22, og budde fram til 1980 fleire ulike stader i Noreg før han busette seg i Røyken.

Schramm debuterte som lyrikar i 1986 med diktsamlinga Gitarklode. Forlaget skreiv den gongen om poesien hans: «Diktene har en sjelden uttrykkskraft. «De er murt opp av tette billedrekker som danner intrikate møstre, lekende og myndig på samme tid. Påvirkningen fra fransk og lantiamerikansk surrealisme er tydelig». Seinare skreiv han diktsamlinga Stoler ved havet, gjeve ut på Gyldendal og gav ut eit utval av avisdikta sine på eige forlag. Han skreiv og avisartiklar, anmeldingar av kunstutstillingar.[3] og gjorde opplesingar av eigne dikt i ulike samanheng[4] Petter Schramm sin lyrikk har vore bruka som tekst eller inspirasjon for musikk, komponisten Harald Sæther har skrive ein ballettsuite med tekster frå Gitarklode

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Gitarklode, lyrikk gjeve ut i 1986 (Gyldendal)
  • Stoler ved havet, gjeve ut i 1987 (Gyldendal)
  • Havland og mennesketegn, utvalde avisdikt 1971 - 1994 gjeve ut i 1995 (Eige forlag, prent Nor-Pro AS, Kristiansund)
  • Stemmer i et hus, antologi - 10 dikt (Aschehoug)

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Eilif Odde: «- Du kan ikke lure et dikt. - Petter Schramm har lagt ned sin dikterpenn»; Tidens Krav, 1.7.2014
  2. Reidun Jordal Husby(03.07.2014): «Petter Schramm fra Selmers gate »; Tidens Krav, s. 24.
  3. Røyken og Hurum avis, En dimensjon
  4. Slemmestad Bibliotek, Alfabet og Strenger

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]