Petter Solberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Petter Solberg
Petter Solberg 2014-09-26 001.jpg
Fødd 18. november 1974
Askim
Yrke rallykøyrar
Petter Solberg på Commons
Petter Solberg

Petter Solberg (fødd 18. november 1974) er ein profesjonell rallyførar, frå Spydeberg i Østfold, fødd i Askim. Han køyrer for Subaru World Rally Team (SWRT). I 2002 enda Solberg på andreplass i rally-VM (WRC, World Rally Championship), og året etter (2003) gjekk han heilt til topps og vart den fyrste norske verdsmeisteren i rally nokon gong. Dette året vart han tildelt Aftenpostens Gullmedalje. I 2004 og 2005 enda han på andreplass bak verdsmeister Sebastien Loeb.

Solberg vart noregsmeister i rallycross og bakkeløp i 1995 og 1996, og han vart noregsmeister i rally i 1998. Same år underteikna han kontrakt med VM-teamet til Ford, og i 2000 bytta han frå M-Sport Ford til Subaru (SWRT). Petter Solberg har vunne 13 VM-rundar i karrieren.

Petter Solberg på veg ut frå service i Rally Sverige 2004

Hausten 2004 vart biografien Petter Solberg - 110% lansert. Boka er ført i pennen av journalist/forfattar Geir Svardal. Solberg er den best betalte norske idrettsutøvaren nokon gong med ei årsløn som truleg på mellom 30 og 40 millionar kroner. Han er busett i Monaco saman med den svenske kona si, Pernilla (dotter av Per-Inge Walfridsson [europameister i rallycross 1980]), som sjølv var ein dyktig rallyførar på 1990-talet, og sonen Oliver. Petter Solberg er veslebroren til Henning Solberg.

Hovudsponsoren til Petter Solberg i 2006 er 24SevenOffice, som inngjekk ein rekordavtale i norsk målestokk verdt 5 millionar kroner.

Kartlesaren til Petter Solberg har vore walisaren Philip Mills sidan 1999.

Sigrar i rally-VM:[endre | endre wikiteksten]

Petter Solberg under Rally Japan i 2006, to år etter at han vann rallyet.
Petter Solberg under Race of Champions i 2007.

Enkeltsigrar:

  • Rally Storbritannia 2002
  • Rally Kypros 2003
  • Rally Australia 2003
  • Rally Frankrike (Korsika) 2003
  • Rally Storbritannia 2003
  • Rally New Zealand 2004
  • Rally Hellas 2004
  • Rally Japan 2004
  • Rally Storbritannia 2004
  • Rally Italia (Sardinia) 2004
  • Rally Sverige 2005
  • Rally Mexico 2005
  • Rally Storbritannia 2005

Førar-VM samanlagt:

  • 2000: 10.-plass
  • 2001: 10.-plass
  • 2002: 2.-plass
  • 2003: Verdsmeister
  • 2004: 2.-plass
  • 2005: 2.-plass

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]