Peucaea

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Peucaea
Kanelhalesporv, Peucaea sumichrasti Foto: Francesco Veronesi
Kanelhalesporv, Peucaea sumichrasti
Foto: Francesco Veronesi
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Amerikasporvfamilien Passerellidae
Slekt: Peucaea
Audubon, 1839

Peucaea er ei biologisk slekt av sporvefuglar med utbreiing konsentrert om Mexico og dels inn i sørlege USA. Slekta er medlem av amerikasporvfamilien, Passerellidae.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Peucaea-sporvane har fjørdrakt i grått og brunt med streka overside, ofte skildra som ein typisk «sporv». Nokre har svarte teikningar ved hovudet. Kroppslengda er rundt 15 centimeter, med variasjonar. Stripehovudsporv, Peucaea ruficauda, kan bli opptil 19,5 cm. For artar der det finst informasjon om føde veit ein at dei er insektetarar som òg kan ta frø og anna vegetabilsk og animalsk føde. Fleire artar er endemiske til eller nær endemiske til Mexico. Apasjesporv, Peucaea cassinii, lever i Mexico og nordover i sørlege og sentrale USA, opptil sørvestre Wyoming. Arten er trekkfugl innanfor dette området. Palmettosporv, Peucaea aestivalis, er endemisk til USA, i stor grad i Florida og nordover der dei nordlegaste fuglane er trekkfuglar.

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Peucaea i rekkjefølgje etter eBird/Clements Checklist v2017[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[2]

  • Tornsporv, Peucaea carpalis, Rufous-winged Sparrow, Coues, 1873, (LC)
  • Kanelhalesporv, Peucaea sumichrasti, Cinnamon-tailed Sparrow, Lawrence, 1871, (NT)
  • Stripehovudsporv, Peucaea ruficauda, Stripe-headed Sparrow, Bonaparte, 1853, (LC)
  • Beltesporv, Peucaea humeralis, Black-chested Sparrow, Cabanis, 1851, (LC)
  • Tyglesporv, Peucaea mystacalis, Bridled Sparrow, Hartlaub, 1852, (LC)
  • Mestissporv, Peucaea botterii, Botteri's Sparrow, Sclater, 1858, (LC)
  • Apasjesporv, Peucaea cassinii, Cassin's Sparrow, Woodhouse, 1852, (LC)
  • Palmettosporv, Peucaea aestivalis, Bachman's Sparrow, Lichtenstein, 1823, (NT)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2017), eBird/Clements Checklist v2017 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. oktober 2017 
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Peucaea