Hispaniolatanagarfamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Phaenicophilidae)
Hopp til navigering Hopp til søk
Hispaniolatanagarfamilien


Svarthettetanagar, Phaenicophilus palmarumFoto: Wolfgang Wander
Svarthettetanagar, Phaenicophilus palmarum
Foto: Wolfgang Wander
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Phaenicophilidae
Slekter
  • Phaenicophilus
  • Hispaniolatanagarfamilien, Phaenicophilidae, er ein liten biologisk familie av fire artar sporvefuglar. Familietaksonet er endemisk til øya Hispaniola.

    Storleiken er 14 til 18 centimeter. Felles for fjørdrakta er olivengrøn overside og lys grå underside. Eit par av artane har teikningar i svart og kvitt i andletet og framhovudet.

    Desse artane har hatt ein taksonomisk uklår status i fortida, dels i parulafamilien, dels i tanagarfamilien, og frå 2017 er dei lista som ein ny familie i EBird/Clements Checklist.[1]

    Artsliste[endre | endre wikiteksten]

    Hispaniolatanagarfamilien i rekkjefølgje etter eBird/Clements Checklist v2017[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[3]

    Slekt Phaenicophilus
    • Svarthettetanagar, Phaenicophilus palmarum, Black-crowned Palm-Tanager, Linné, 1766, (LC)
    • Haititanagar, Phaenicophilus poliocephalus, Gray-crowned Palm-Tanager, Bonaparte, 1851, (NT)
    Slekt Xenoligea
    • Kvitvengparula, Xenoligea montana, White-winged Warbler, Chapman, 1917, (VU)
    Slekt Microligea
    • Grønhaleparula, Microligea palustris, Green-tailed Warbler, Cory, 1884, (LC)

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    • Denne artikkelen bygger på «Phaenicophilidae» frå Wikipedia på engelsk, den 8. oktober 2017.
    • (2017). Palm-tanagers and allies (Phaenicophilidae). In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. (retrieved from http://www.hbw.com/node/1343555 on 8 October 2017).

    Referansar[endre | endre wikiteksten]

    1. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (august 2017), Updates & Corrections: August 2017, The Clements checklist of birds of the world: Version 6.12, page 643, 647, 652, Phaenicophilidae (Hispaniolan Tanagers), Cornell Lab of Ornithology
    2. Schulenberg T. S., M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, T. A. Fredericks, og D. Roberson (august 2017) (CSV), eBird/Clements Checklist v2017, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/updates-corrections-august-2017/, henta 1. oktober 2017 
    3. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

    Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Hispaniolatanagarfamilien