Hopp til innhald

Phaethornis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Phaethornis
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Seglarfuglar Apodiformes
Familie: Kolibriar Trochilidae
Underfamilie: Phaethornithinae
Slekt: Phaethornis
Swainson, 1827

Phaethornis er ei biologisk slekt av mangfoldige «eremittar» i kolibrifamilien. Slekta omfattar artar som er heimehøyrande i tropiske område av Amerika, neotropane, med utbreiingsområde frå vest i Mexico, gjennom Mellom-Amerika og Sør-Amerika til søraust i Brasil, Paraguay og ekstremt nordlegste Argentina. Phaethornis er ein del av underfamilien Phaethornithinae kjent under det vanlege namnet «eremittar». Det finst per 2025 klassifisert 27 artar i slekta,[1] og Phaethornis er med det den mest artsrike slekta i kolibrifamilien.

Det vitskaplege slektsnamnet Phaethornis kjem frå gresk: phaethōn som tyder «sol», og ornis som tyder «fugl».[2]

Eremittane i denne slekta er ein mangfaldig gruppe kolibriar som måler mellom 8 og 17,5 cm i lengd. Dei er kjenneteikna ved det lange, bogeforma nebbet, ei mørkgrå til svartaktig krone og maskering, innramma av ei lys augebrynslinje og ein lys eller bleik strupekant. Dei har ofte stjertfjør (timonerar) som minner om ei trapp, med kvite spissar. Hos nokre artar er det midterste stjertparet mykje lengre enn dei andre, medan det hos andre berre er moderat forlenga og dannar ei kileform.

Dei har overvegande grålege fargar, med nyansar av brunt, grønt og rustraudt, og fleire artar har mørkegrøne eller bronsefarga, iriserande overside – sjølv om desse fargane er mindre framtredande enn hos mange andre kolibriar. Hannen og hoa har svært lik fjørdrakt, med ulikskapar berre i form av nebb, stjert og fargesterkheit. Ingen artar i denne slekta viser sterk kjønnsdimorfisme slik ein ofte finn hos kolibriar.

Habitatet til dei fleste Phaethornis-eremittane er avgrensa til underskogen og kantsonene i skog, eller sekundær vegetasjon, men nokre artar føretrekk opnare område.

Mange av artane dannar leik, det vil seie samlingsplassar der hannar stiller ut for å trekkje til seg hoer som kjem for å velja partnar. Hannane i denne slekta er generelt mindre aggressive enn andre hann-kolibriar, sjølv om både hanner og hoer forsvarar revir.

Fleire av artane er knytte til Heliconia-planter, men dei brukar òg andre nektarkjelder, som blomar frå Centropogon, Passiflora, Costus og fleire. I mindre grad fangar dei òg små leddyr. Det lange, bogeforma nebbet som er typisk for dei fleste i gruppa, er ein tilpassing til visse blomstrar.

Artar og status

[endre | endre wikiteksten]

Verdas naturvernunion, IUCN, har vurdert 26 av dei 27 artane artane som livskraftige (LC). Ein art, tapajoseremitt som er endemisk for delstaten Pará i Brasil, er vurdert som sårbar (VU).[3]

Artsoversyn

[endre | endre wikiteksten]

Slekt Phaethornis i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V15.1, 2025,[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[4]

BileteNorsk namnVitskapleg namnAutorUtbreiing
SmusseremittPhaethornis squalidus(Temminck), 1822
StrekstrupeeremittPhaethornis rupurumiiBoucard, 1892
SmåeremittPhaethornis longuemareus(Lesson), 1832
TapajoseremittPhaethornis aethopygusJ.T. Zimmer, 1950
DvergeremittPhaethornis idaliae(Bourcier & Mulsant), 1856
KanelstrupeeremittPhaethornis nattereriBerlepsch, 1887
MørkstrupeeremittPhaethornis atrimentalisLawrence, 1858
StripestrupeeremittPhaethornis striigularis(Gould), 1854
GråstrupeeremittPhaethornis griseogularis(Gould), 1851
RusteremittPhaethornis ruber(L), 1858
AymaraeremittPhaethornis stuartiHartert, 1897
OkerbukeremittPhaethornis subochraceusTodd, 1915
SotkroneeremittPhaethornis augusti(Bourcier), 1847
PlanaltoeremittPhaethornis pretrei(Lesson & Delattre), 1839
SkjelstrupeeremittPhaethornis eurynome(Lesson), 1832
LysbukeremittPhaethornis anthophilus(Bourcier), 1843
KvitskjeggeremittPhaethornis hispidus(Gould), 1846
KårdeeremittPhaethornis yaruqui(Bourcier), 1851
GrøneremittPhaethornis guy(Lesson), 1833
SjaketteremittPhaethornis syrmatophorusGould, 1851
InkaeremittPhaethornis koepckeaeWeske & Terborgh, 1977
NåleremittPhaethornis philippii(Bourcier), 1847
FloretteremittPhaethornis bourcieri(Lesson), 1832
MexicoeremittPhaethornis mexicanusHartert, 1897
LangnebberemittPhaethornis longirostris(Delattre), 1843
StjerteremittPhaethornis superciliosus(L), 1766
StornebberemittPhaethornis malaris(Nordmann), 1835
Referansar
  1. 1 2 Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2025. IOC World Bird List (v15.1). doi : 10.14344/IOC.ML.15.1 Henta 10. juni 2025
  2. Jobling, James A. (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 301. ISBN 978-1-4081-2501-4.
  3. BirdLife International (2024). «Phaethornis». IUCN - Global raudliste. Henta 10.06.2025. {{cite web}}: Check date values in: |vitja= (hjelp)
  4. «Norske navn på verdens fugler». Norsk navnekomité for fugl (NNKF). 10. juni 2025. søk på Phaethornis

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Phaethornis