Skarvfamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Phalacrocoracidae)
Skarvefamilien
Totoppskarv Phalacrocorax auritus
Totoppskarv Phalacrocorax auritus
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Megaklasse: Beinfiskar Osteichthyes
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Aequornithes
Orden: Sulefuglar Suliformes
Familie: Skarvefamilien Phalacrocoracidae
Reichenbach, 1850

Skarvar er ein familie, Phalacrocoracidae, med to slekter av til saman omtrent 40 fugleartar som lever av fisk ved kystar og i vassdrag. Dei finst på alle kontinent, med unnatak av dei sentrale Stillehavsøyane.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Skarvar er middels til store vassfuglar og varierer i storleik frå pygmeskarv, Phalacrocorax pygmaeus, på så lite som 45 cm og 340 gram og til den ikkje-flygedyktige galapagosskarv, Phalacrocorax harrisi, med ein maksimal storleik på 100 cm og 5 kg i kroppsvekt. Den nyleg utdøydde brilleskarven Phalacrocorax perspicillatus, vart jamvel større, opp til 6,3 kg. Dei fleste, inkludert nesten alle artar på den nordlege halvkula er i hovudsak mørke i fjørdrakta, medan somme på den sørlege halvkula er svarte og kvite, og nokre få, til dømes kvithalsflekkskarvNew Zealand er ganske fargerik. Mange artar har eit farga område på huda i ansiktet som kan lyse blått, oransje, raudt eller gult, og vanlegvis vert dette området meir klårt i farga i hekkesesongen. Nebbet er langt og tynt, overnebbet er bøygd ned i enden. Skarvar har symjehud mellom alle fire tærne, som slektningane sine.

Dette er kystfuglar i større grad enn pelagiske artar, i nokon grad har skarvar òg kolonisert vassdrag, som til dømes flodskarv i Sør-Amerika, faktisk synest den opphavlege skarvstamfaren å ha vore ein ferskvassfugl, vurdert ut frå habitatet til dei eldste i utviklingslinja. Utbreiinga til denne gruppa er verda rundt, men dei har ikkje kolonisert dei sentrale Stillehavsøyane.

Alle skarvartar er fiskeetarar og fangstar på små ål, fisk og til og med på vasslangar. Dei dukkar frå vassoverflata, mange artar gjer det karakteristiske halvstupet frå overflata før dei går ned. Under vatnet vert dei kraftige føtene nytta til framdrift. Det finst målingar som viser at somme artar kan gå ned til ei djupn på 45 meter.

Når skarvar er på land for kvile, held dei ofte vengene ut i sola. Ein detaljert studie av storskarv konkluderer med at det utan tvil er for å tørke fjørdrakta.[1] Alle skarvar har gumpkjertelsekret som dei smørar på fjørene.

Skarvar er kolonirugarar, dei rugar i tre, på holmar eller i klippeveggar. Egga er bleikblå i farga. Vanlegvis er det berre eit kull i året. Foreldra gulpar opp mat til ungane. Ungane har djupe klossete nebb som liknar meir på nebba til pelikanungar enn på nebbet til dei vaksne.

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Skarv i halvstupet frå havoverflata
Foto: Mike Baird
Flodskarv spreier ut vengene i sola
Foto: Dario Sanches
Bengalskarv, Kolkata, West Bengal, India
Foto: J.M.Garg

Skarvar i rekkjefølgje etter eBird/Clements Checklist v2019[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[3]

Slekt Microcarbo
  • Kortnebbskarv, Microcarbo melanoleucos, Little Pied Cormorant, Vieillot, 1817, (LC)
  • Langhaleskarv, Microcarbo africanus, Long-tailed Cormorant, Gmelin, JF, 1789, (LC)
  • Kronskarv, Microcarbo coronatus, Crowned Cormorant, Wahlberg, 1855, (NT)
  • Orientdvergskarv, Microcarbo niger, Little Cormorant, Vieillot, 1817, (LC)
  • Dvergskarv, Microcarbo pygmaeus, Pygmy Cormorant, Pallas, 1773, (LC)
Slekt Phalacrocorax
  • Raudfotskarv, Phalacrocorax gaimardi, Red-legged Cormorant, Garnot, 1828, (NT)
  • Blåhakeskarv, Phalacrocorax penicillatus, Brandt's Cormorant, von Brandt, JF, 1837, (LC)
  • Raudmaskeskarv, Phalacrocorax urile, Red-faced Cormorant, Gmelin, JF, 1789, (LC)
  • Beringskarv, Phalacrocorax pelagicus, Pelagic Cormorant, Pallas, 1811, (LC)
  • Storskarv, Phalacrocorax carbo, Great Cormorant, Linné, 1758, (LC)
  • Japanskarv, Phalacrocorax capillatus, Japanese Cormorant, Temminck & Schlegel, 1849, (LC)
  • Kappskarv, Phalacrocorax capensis, Cape Cormorant, Sparrman, 1788, (EN)
  • Benguelaskarv, Phalacrocorax neglectus, Bank Cormorant, Wahlberg, 1855, (EN)
  • Arabarskarv, Phalacrocorax nigrogularis, Socotra Cormorant, Ogilvie-Grant & Forbes, HO, 1899, (VU)
  • Bengalskarv, Phalacrocorax fuscicollis, Indian Cormorant, Stephens, 1826, (LC)
  • Kvithalsflekkskarv, Phalacrocorax punctatus, Spotted Shag, Sparrman, 1786, (LC)
  • Svarthalsflekkskarv, Phalacrocorax featherstoni, Pitt Island Shag, Buller, 1873, (EN)
  • Lagfiskeskarv, Phalacrocorax sulcirostris, Little Black Cormorant, von Brandt, JF, 1837, (LC)
  • Australskarv, Phalacrocorax varius, Pied Cormorant, Gmelin, JF, 1789, (LC)
  • Tasmanskarv, Phalacrocorax fuscescens, Black-faced Cormorant, Vieillot, 1817, (LC)
  • Toppskarv, Phalacrocorax aristotelis, European Shag, Linné, 1761, (LC)
  • Galapagosskarv, Phalacrocorax harrisi, Flightless Cormorant, Rothschild, 1898, (VU)
  • Flodskarv, Phalacrocorax brasilianus, Neotropic Cormorant, Gmelin, JF, 1789, (LC)
  • Totoppskarv, Phalacrocorax auritus, Double-crested Cormorant, Lesson, R, 1831, (LC)
  • Magellanskarv, Phalacrocorax magellanicus, Magellanic Cormorant, Gmelin, JF, 1789, (LC)
  • Guanoskarv, Phalacrocorax bougainvillii, Guanay Cormorant, Lesson, 1837, (NT)
  • Bountyskarv, Phalacrocorax ranfurlyi, Bounty Islands Shag, Ogilvie-Grant, 1901, (VU)
  • Vorteskarv, Phalacrocorax carunculatus, New Zealand King Shag, Gmelin, 1789, (VU)
  • Bronseskarv, Phalacrocorax chalconotus, Stewart Island Shag, Gray, 1845, (VU)
  • Chathamskarv, Phalacrocorax onslowi, Chatham Islands Shag, Forbes, 1893, (CR)
  • Aucklandskarv, Phalacrocorax colensoi, Auckland Islands Shag, Buller, 1888, (VU)
  • Campbellskarv, Phalacrocorax campbelli, Campbell Islands Shag, Filhol, 1878, (VU)
  • Sørgjeorgiaskarv, Phalacrocorax georgianus, South Georgia Shag, Lönnberg, 1906, (NR)
  • Knoppskarv, Phalacrocorax atriceps, Imperial Cormorant, King, 1828, (LC)
  • Antarktisskarv, Phalacrocorax bransfieldensis, Antarctic Shag, Murphy, 1936, (NR)
  • Svartkinnskarv, Phalacrocorax melanogenis, Crozet Shag, Blyth, 1860, (NR)
  • Kerguelenskarv, Phalacrocorax verrucosus, Kerguelen Shag, Cabanis, 1875, (LC)
  • Kvitvengskarv, Phalacrocorax nivalis, Heard Island Shag, Falla, 1937, (NR)
  • Flekkfotskarv, Phalacrocorax purpurascens, Macquarie Shag, Brandt, JF, 1837, (VU)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Sellers, R. M. (1995). «Wing-spreading behavior of the cormorant Phalacrocorax carbo» (PDF). Ardea 83: 27–36. Arkivert frå originalen (PDF) 17. oktober 2018. Henta 28. desember 2019. 
  2. Schulenberg T.S.; M. J. Iliff; S. M. Billerman; B. L. Sullivan; C. L. Wood; T. A. Fredericks. (august 2019), eBird/Clements Checklist v2019 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 22. desember 2019 
  3. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]