Phil Jagielka
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Philip Nikodem Jagielka | ||
Fødd | 17. august 1982 (41 år) | ||
Fødestad | Sale i Stor-Manchester | ||
Høgd | 180 cm | ||
Posisjon | Forsvar, midtbane | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Everton | ||
Nummer | 6 | ||
Ungdomsklubbar | |||
Sheffield United | |||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
1999-2007 2007- |
Sheffield United Everton |
254 (18) 204 (6) | |
Landslag | |||
2002-03 2008- |
England U21 England |
6 (2) 26 (2) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 11. september 2010 ‡ Landslagsmål oppdatert 7. september 2010 |
Philip Nikodem Jagielka (fødd 17. august 1982 i Sale i Stor-Manchester) er ein engelsk fotballspelar, som i 2014 spela for Everton i engelsk Premier League og for England sitt landslag.
Jagielka gjekk gjennom fotballakademiet til Sheffield United og ligadebuterte for klubben i 1. divisjon (nest høgste divisjon) 5. mai 2000. Han etablerte seg på førstelaget til Sheffield United i 2002/03-sesongen. I 2005/06-sesongen vart han kåra til årets spelar i den nest høgste divisjonen. Sommaren 2007 gjekk han til Premier League-klubben Everton for 4 millionar pund, det dyraste Sheffield United nokon gong hadde selt ein spelar for. Han vart kåra til årets spelar i Everton i 2008/09-sesongen.
Jagielka debuterte for England sitt A-landslag som innbytar i ein privatlandskamp mot Trinidad og Tobago 11. juni 2008.