Phil Perry

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Phil Perry
Fødd12. januar 1952 (67 år)
FødestadSpringfield, Illinois i USA
FødenamnPhilip Eugene Perry
OpphavUSA
AktivSidan 1971
SjangerR&B, soul, jazz
InstrumentVokal
Tilknytte artistarThe Montclairs
PlateselskapCapitol, GRP, Private Music Peak, Shanachie
Verka somSongar-låtskrivar, musikar, produsent, arrangør
BornOliver the 2nd

Philip Eugene «Phil» Perry (fødd 12. januar 1952) er ein USA-amerikansk R&B-songar, låtskrivar, musikar og tidlegare medlem av The Montclairs frå 1971 til 1975.[1] Han er far til rapperen Oliver the 2nd.

Som vokalist har Perry sunge korvokal for mange artistar som Michel Colombier, Don Grusin, Dave Grusin, Freddie Hubbard, George Duke, Najee, Bill Withers, Barbra Streisand, June Pointer, Johnny Mathis, The Benoit-Freeman Project (David Benoit & Russ Freeman), Sergio Mendes, Bobby Womack, Chaka Khan, Fourplay, George Benson og Will Downing, blant fleire.

Perry har òg gjeve ut soloalbum og det var meininga at han skulle halde ein lunch-konsert 11. september 2001 i World Trade Center. Perry slapp unna terroriståtaka denne dagen.[treng kjelde]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Soloalbum[endre | endre wikiteksten]

  • The Heart of the Man (1991); Capitol 92115
  • Pure Pleasure (1994); GRP/MCA 4026
  • One Heart One Love (1998); Private Music/Peak 82163
  • My Book of Love (2000); Private Music/Peak 82181
  • Magic (2001); Peak 8504
  • Classic Love Songs(2006); Shanachie 5139
  • A Mighty Love (2007); Shanachie 5153
  • Ready for Love (2008); Shanachie 5164
  • The Gift of Love (2009) med Melba Moore; Shanachie 5176
  • Say Yes (2013); Shanachie 5401
  • A Better Man (2015); Shanachie
  • Breathless (2017) ; Shanachie

Anna[endre | endre wikiteksten]

Som The Montclairs med Phil Perry:

  • Dreaming Out of Season (1972) Paula Records 2216

Som Perry & Sanlin:

  • For Those Who Love (1980); Capitol
  • We're The Winners (1981); Capitol

Som Phil Perry & David Garfield:

  • Together in the Arms of Love
  • Deep Within Each Man, presentert av Shorinji Kenpo (Japan)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Thom Jurek. «Phil Perry - Music Biography, Streaming Radio and Discography - AllMusic». AllMusic. Henta 4. juni 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]