Phil Spalding

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Phil Spalding
Fødd19. november 1957 (66 år)
FødestadLondon, England
Død6. februar 2023
FødenamnPhilip Trevor Spalding
OpphavStorbritannia
AktivSidan 1976
Sjanger
Instrument
Tilknytte artistar
Verka som

Philip Spalding (19. november 19576. februar 2023) er ein engelsk bassist. Han er mest kjend som studiomusikar og har spelt med ei rekkje artistar som Mick Jagger, Seal, Orchestral Manoeuvres in the Dark, Elton John og Randy Crawford.[1]

I tidleg alder var han barnemodell og deltok i ein fjernsynsreklame for Smiths Crisps. Spalding var dataoperatør for ein bank, før han byrja å spele med rockeartisten Bernie Tormé i 1976. Seinare vart han med i Original Mirrors før han byrja å samarbeide med Toyah i desember 1980. Medan han var med Toyah spelte han og skreiv songar for studioalbum og turnerte med bandet, fram til 1983.[2] Sidan då har han vore medlem av GTR og bandet til Mike Oldfield. I nyare tid har han spelt på album av Michel Polnareff, Suggs, Robbie Williams og Kylie Minogue.[1]

Spalding spelte òg alt av bass på filmmusikkalbumet til Løvenes konge.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Med GTR

Med Ray Charles

Med Robbie Williams

Med Kylie Minogue

Med Geri Halliwell

Med Skin

Med Judie Tzuke

Med Terence Trent D'Arby

Med Delta Goodrem

Med Roger Taylor

Med Beverley Knight

Med Randy Crawford

  • Play Mode (2000)

Med Joe Cocker

Med Melanie C

Med Matthew Sweet

Med Elton John

Med Mick Jagger

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Phil Spalding credits». allmusic.com. Henta 1. juli 2020. 
  2. Toyah: The Changeling tour programme. 1980.