Skjærsminslekta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Philadelphus)
Skjærsminslekta
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Kornellordenen Cornales
Familie: Hydrangeaceae
Underfamilie: Philadephoideae
Stamme: Philadelpheae
Slekt: Skjærsminslekta Philadelphus
L., 1753

Skjærsminslekta (Philadelphus), òg kalla falsk jasmin, er ei biologisk slekt av buskar med om lag 75 artar.[1] Dei er frå 1 til 6 meter høge, og kjem frå Nord-Amerika, Mellom-Amerika, Asia og Søraust-Europa. Dei fleste artane er lauvfellande, men eit par artar frå dei sørlegare områda er eviggrøne.

Skjærsmin har kvite blomstrar med fire kronblad som er 1-4 cm i diameter. Dei fleste, men ikkje alle artane, luktar søtt. Frukta er ein liten kapsel med mange små frø. Borken er tynn og flassar av i tynne striper i lengderetninga til treet. Blada er frå 1 til 14 cm lange.

Økologi[endre | endre wikiteksten]

Skjærsmin er ei matkjelde for larvene til nokre sommarfuglartar.

Hagebruk[endre | endre wikiteksten]

Skjærsmin er populære busker i parkar og hagar på grunn av vårblomstrane deira. Dei velluktande artane er spesielt populære. I tillegg finst det mange hagehybridar.

Utvalde artar[endre | endre wikiteksten]

Berre nokre få av artane har norske namn. Elles er det engelske nemnt.

Philadelphus laxus
Philadelphus pubescens

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «skjærsmin». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 4. oktober 2020.