Philip de László

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Philip de László
László Fülöp Önarckép.jpg
Fødd 30. april 1869
Budapest
Død

22. november 1937 (68 år)
Hampstead

Yrke kunstmålar
Sjanger portrett
Far Adolf Laub
Mor Johanna Balogh
Ektefelle Lucy Guinness
Born John de Laszlo, Stephen Philip de Laszlo, Patrick de Laszlo
Signatur Signatur
Philip de László på Commons

Philip Alexius de László (30. april 186922. november 1937) var ein ungarsk malar som særleg er kjend for portretta sine av kongelege og adelege kundar. Han var ein av dei leiande portrettmålarane i byrjinga av 1900-talet.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Philip de László var fødd i Budapest som Laup Fülöp Elek, son av ein jødisk skreddar, Adolf Laup. Familien endra etternamnet sitt til László i 1891.

Då han var ung var han tilsett som lærling hos ein fotograf, medan han samtidig studerte kunst. László fekk ein plass på det Nasjonale Kunstakademiet der han studerte under Bertalan Székely og Károly Lotz. Sidan studerte han i München og Paris.

Portrettet hans av pave Leo XIII gav han ein gullmedalje ved Verdsudstillinga i Paris i 1900.

I 1903 flytta László til Wien og i 1907 til London, der han budde resten av livet.

Kundane hans gav han ei rekkje talrike medaljar og ærestilvisingar. I 1909 blei han æresmedlem av Royal Victorian Order, som han fekk av kong Edvard VII av Storbritannia.

I 1912 blei han adla av keisar Frans Josef I av Austerrike-Ungarn, under namnet László de Lombos. Familien forkorta sidan namnet til de László.

I 1914 blei László britisk statsborgar, men under fyrste verdskrigen sat han internert i 12 månader frå 1917 til 1918.

László fekk eit hjarteåtak i 1936 og igjen året etter, då han døydde. Då han døydde hadde han måla over 2700 portrett. I 1939 kom boka Portrait of a Painter. The authorised Life of Philip de László ut. Bogen var skriven i samarbeid med László.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Philip de László