Philipp Melanchthon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Philipp Melanchthon måla av Lucas Cranach den eldre (1472-1553) i 1532 i Regensburg

Philipp Melanchthon (fødd Philipp Schwarzerd16. februar 149719. april 1560) (Utt: melˈanchthon) var ein tysk teolog, humanist og reformator, og ein av Martin Luthers næraste medarbeidarar. Humanismen hans har hatt vid påverknad på protestantismen og det økumeniske arbeidet i reformasjonstida.

Melanchthon studerte ved Universitetet i Heidelberg (1509-12) og Universitetet i Tübingen (1512-18), før han blei tilsett i ei stilling ved det nyskipa Universitetet i Wittenberg i 1518. Jamvel om Melanchthon sitt hovudområde var gresk, kom han snart under påverknad av kollegaen Martin Luther, og fatta interesse for teologi. Han var tidleg overtydd om Bibelens autoritet (Sola Scriptura), og dette synspunktet kjem tydleg fram i det verket Melanchthon er best hugsa for, Loci Communes (teologiens hovudpunkter), som kom i si fyrste utgåve i 1521. Boka blei i løpet av fire år trykt 18 gonger. Allereie på dette stadiet arbeidde han med fleire bibelske tema, mellom anna rettferdslæra. Intensjonen hans var å byggje eit system kvar teologien hadde sitt utspring i og blei fastsett ut frå skrifta. Ei oppgåve han meinte mellomalderens teologiske standardverk, Peter Lombards Sententiæ, var for utilstrekkeleg til. I seinare utgåver av Loci Communes understreka han den intellektuelle sida ved trua, viljens tilslutning til frelsa, avviser predestinasjonslæra og gav også etter kvart tradisjonen ei viss stilling. I ei ny utgåve av Den augsburgske vedkjenninga, som var utforma av Melanchthon, endra han også artikkelen om nattverden i retning av kalvinismen.

Luthers bannlysing frå Den katolske kyrkja gjorde at Melanchthon var den som måtte reise rundt utanfor Sachsen for å spreie reformasjonens bodskap. Etter Luthers død i 1546 stod han fram som Luthers naturlege arvtakar, men greidde ikkje å halde på denne posisjonen. Han heldt fast på prinsippet om at ein kunne tolerere teologisk usemje på ein del område (Adiaphora). Dette blei eit viktig stridsspørsmål etter at reformasjonen i kjølvatnet av Luthers død opplevde ei rad militære og politiske svekkjingar. Melanchthons pragmatiske haldning som sikta på å halde fast ved mest mogleg av arven frå Luther, blei sett på som liketydande med forræderi mellom mange reformatorar, og etter Leipzig-interimets kompromiss med Roma i 1548 blei han ståande som førar for ein fraksjon (philippistane).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Mcgrath, Alister E.: Reformation thought: an introduction. 3rd edt. Oxford. Blackwell, 1999. ISBN 978-0-6312-1521-9