Philippe Aghion
Philippe Mario Aghion[1] (fødd 17. august 1956)[2] er ein fransk økonom som er professor ved Collège de France og INSEAD,[3] og gjesteprofessor ved London School of Economics.[3][4] Tidlegare var han professor ved University College London (1996–2002), «Official Fellow» ved Nuffield College, Oxford (1992–1996), og førsteamanuensis ved Massachusetts Institute of Technology (1987–1989). Frå 2002 til 2015 var han Robert C. Waggoner Professor of Economics ved Harvard University.[5]
I 2025 delte han halvparten av Sveriges Riksbank sin økonomipris til minne om Alfred Nobel med Peter Howitt «for teorien om vedvarande økonomisk vekst gjennom kreativ øydelegging».[6]
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Philippe Aghion vart fødd i Paris i 1956.[7] Han er son av Gaby Aghion,[8] ein fransk motedesignar og grunnleggjar av motehuset Chloé.[9] Gaby skal ha vore den som fann opp uttrykket prêt-à-porter.[10] Faren hans, Raymond Aghion, hadde eit kunstgalleri i Boulevard Saint-Germain.[11] Begge foreldra hans kom frå jødiske familiar frå Alexandria i Egypt.[11] Dei flytta seinare til Paris, til Quartier latin, før dei kjøpte eit hus i Neuilly-sur-Seine.[11] I eit intervju fortalde Aghion at han voks opp omgitt av kunstnarar, mellom dei Karl Lagerfeld.[8]
Aghion vart uteksaminert frå matematikkseksjonen ved École normale supérieure de Cachan (no ENS Paris-Saclay, Université Paris-Saclay), og tok både eit diplôme d’études approfondies og ein doctorat de troisième cycle (doktorgrad på tredje nivå) i matematisk økonomi ved Université Paris I Panthéon-Sorbonne.[12] Han fekk doktorgraden sin i økonomi frå Harvard University i 1987.[12]
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Aghion starta den akademiske karrieren sin i 1987 då han vart tilsett som førsteamanuensis ved Massachusetts Institute of Technology (MIT).[12] I 1989 vende han tilbake til Frankrike og vart forskar ved Det franske nasjonale senteret for vitskapleg forsking (CNRS).[12] I 1990 vart han utnemnd til assisterande sjeføkonom i Den europeiske banken for gjenoppbygging og utvikling (EBRD),[12] før han gjekk vidare til Nuffield College, Oxford, og deretter til University College London i 1996.[12] I 2002 vende han tilbake til Harvard University, der han vart Robert C. Waggoner Professor in Economics, ein posisjon han hadde til 2015, då han vart Centennial Professor of Economics ved London School of Economics (LSE).[13][12]
Andre aktivitetar
[endre | endre wikiteksten]Aghion vart vald inn som medlem av American Academy of Arts and Sciences i 2009,[14] og han sit i Executive and Supervisory Committee (ESC) ved CERGE-EI.[15] Han var president for European Economic Association i 2017 og har vore redaktør for Annual Review of Economics sidan 2018.[16]
Før det franske presidentvalet i 2012 var Aghion ein av fleire økonomar som underteikna eit opprop til støtte for kandidaten François Hollande.[17]
I 2016 vart Aghion utnemnd av generalsekretær i SN, Ban Ki-moon, til ei ekspertgruppe som skulle gje råd til High-Level Commission on Health Employment and Economic Growth, leia av presidentane François Hollande (Frankrike) og Jacob Zuma (Sør-Afrika).[18] I 2021 vart han utnemnd til medlem av Verdsbanken og Det internasjonale pengefondet sitt høgnivåråd (High-Level Advisory Group) for berekraftig og inkluderande vekst, leia av Mari Pangestu, Ceyla Pazarbasioglu og Nicholas Stern.[19]
Andre rådgjevande verv inkluderer: Center for Economic Research and Graduate Education – Economics Institute (CERGE-EI): medlem av styret Centre de Recerca en Economia Internacional (CREI) ved Pompeu Fabra-universitetet (UPF): medlem av rådgjevande styre
Aghion-rapporten (2010)
[endre | endre wikiteksten]Philippe Aghion leia ei arbeidsgruppe med ti internasjonale ekspertar,[20] som først fokuserte på internasjonale samanlikningar av universitetsautonomi, og deretter på gjennomføringa av campusar for akademisk fortreffelegskap (Initiative d’excellence).[20] Ei todelt rapport vart levert i januar 2010 til utdanningsminister Valérie Pécresse.[20] Rapporten tilrådde å etablere ei balansert styring av universiteta. Med utgangspunkt i døme som Harvard, MIT, Oxford og Cambridge, slo rapporten fast at det ikkje finst éin modell for god styring.[21]
Rapporten føreslo å opprette to styringsorgan ved universiteta: Eit styre, samansett hovudsakleg av eksterne medlemmar, som skulle utnemne ein rektor med vide fullmakter. Eit akademisk senat, som skulle vere eit forum for vitskaplege og pedagogiske forslag.[21]
Politiske syn
[endre | endre wikiteksten]Under det franske presidentvalet i 2012 underteikna Aghion eit opprop frå økonomar som støtta François Hollande, på grunn av «relevansen i dei føreslåtte tiltaka, særleg med omsyn til vekst og sysselsetjing».[22] I 2017 uttrykte han støtte til Emmanuel Macron.[23]
Utmerkingar og prisar
[endre | endre wikiteksten]Utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]- Riddar av Æreslegionen (2012)[1]
- Offiser av Den nasjonale fortenesteordenen (2018)[24]
Prisar
[endre | endre wikiteksten]I 2019 fekk Aghion og Peter Howitt BBVA Foundation Frontiers of Knowledge Award in Economics.[25] Dei to vart òg tildelte halvparten av Sveriges Riksbank sin økonomipris til minne om Alfred Nobel i 2025 «for teorien om vedvarande vekst gjennom kreativ øydelegging», medan den andre halvparten gjekk til Joel Mokyr.[7][26]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 «Décret du 31 décembre 2012 portant promotion et nomination». Légifrance (på fransk).
- ↑ «Philippe Aghion». Nobel Prize.
- 1 2 «Philippe Aghion | Collège de France». www.college-de-france.fr (på engelsk). 11. april 2022. Henta 17. oktober 2025.
- ↑ «Philippe Aghion». The London School of Economics and Political Science (på engelsk). Henta 15 October 2025.
- ↑ «Philippe Aghion, 12th Frontiers of Knowledge Award in Economics, Finance and Management». Premios Fronteras (på engelsk). Henta 15. oktober 2025.
- ↑ Ahlander, Johan; Allen, Jonathan; Johnson, Simon. «Trio win Nobel economics prize for work on innovation, growth and 'creative destruction'». Reuters. Henta 13. oktober 2025.
- 1 2 «The Prize in Economic Sciences 2025» (PDF). The Royal Swedish Academy of Sciences. 13. oktober 2025.
- 1 2 Cetinic, Oleg; Leicester, John (13. oktober 2025). «Nobel laureate Philippe Aghion says creative upbringing shaped his vision of innovation and freedom». AP News (på engelsk). Henta 15. oktober 2025.
- ↑ Aghion, Philippe et Banerjee, Abhijit Volatility And Growth. Oxford University Press, 2005 (See dedication: « To our parents Gaby and Raymond Aghion... »).
- ↑ Chloé: A 60-Year Tradition of Pretty Prêt-à-Porter Arkivert 25. mai 2012 ved Wayback Machine.. Lauren Cochrane. The Guardian, 2. oktober 2012.
- 1 2 3 Fair, Vanity (28. oktober 2019). «Rencontre : Philippe Aghion, le conseiller de Macron qui a grandi dans les défilés Chloé». Vanity Fair (på fransk). Henta 13. oktober 2025.
- 1 2 3 4 5 6 7 Wallet, Paul-Henri (14. oktober 2025). «Philippe Aghion : quelles études a suivi le nouveau prix Nobel d'économie ?». Le Figaro Etudiant (på fransk). Henta 15. oktober 2025.
- ↑ «Philippe Aghion». The London School of Economics and Political Science (på engelsk). Henta 13. oktober 2025.
- ↑ «Eighteen faculty, affiliates named to 2009 class of AAAS Fellows». Harvard Gazette. 20 April 2009. Henta 13. oktober 2025.
- ↑ «CERGE-EI | Executive and Supervisory Committee | Governance Bodies | People». www.cerge-ei.cz.
- ↑ «Annual Review of Economics, Planning Editorial Committee – Volume 10, 2018». Annual Reviews Directory. Henta 15 September 2021.
- ↑ «Nous, économistes, soutenons Hollande». Le Monde (på fransk). 17. april 2012. Henta 15. oktober 2025.
- ↑ «High-Level Commission for Health Employment and Economic Growth: Expert Group». World Health Organization (på engelsk). Arkivert frå originalen 28. mai 2016. Henta 15. oktober 2025.
- ↑ «World Bank, IMF Launch High-Level Advisory Group on Sustainable and Inclusive Recovery and Growth». IMF (på engelsk). Henta 15. oktober 2025.
- 1 2 3 Natacha Polony (26 January 2010). «Un rapport pour mieux diriger les universités de demain». lefigaro.fr/. Henta 4 January 2023.
- 1 2 Philippe Jacqué (27. januar 2010). «Des pistes de réflexion pour les futurs "campus d'excellence"». lemonde.fr. Henta 4. januar 2023.
- ↑ «Nous, économistes, soutenons Hollande». Le Monde (på fransk). 17 April 2012. Henta 4. mai 2012.
- ↑ «Pourquoi nous soutenons Emmanuel Macron». lemonde.fr. 12. april 2017.
- ↑ «Décret du 19 mai 2018 portant promotion et nomination». Légifrance (på fransk).
- ↑ «12th Edition Archives».
- ↑ VG.no (13. oktober 2025). «Nobelprisen i økonomi går til Joel Mokyr, Phillippe Aghion, og Peter Howitt».
- Denne artikkelen bygger på «Philippe Aghion» frå Wikipedia på engelsk, den 28. oktober 2025.