Philippe Albert

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Philippe Albert
Philippe Albert i 2014
Personleg informasjon
Fullt namn Philippe Julien Albert
Fødd 10. august 1967 (56 år)
Fødestad Bouillon i Belgia
Høgd 190 cm
Posisjon Forsvarsspelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1986-1988 Charleroi 65 (7)
1988-1991 Mechelen 87 (5)
1991-1994 Anderlecht 50 (9)
1994-1999 Newcastle 96 (8)
1998-1999Fulham (lån) 13 (2)
1999-2000 Charleroi 14 (1)
Totalt 325 (32)
Landslag
1987-1989 Belgia U-21 4 (0)
1987-1997 Belgia 41 (5)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Philippe Julien Albert (fødd 10. august 1967) er ein tidlegare belgisk fotballspelar frå Bouillon. Han spelte for klubbane Charleroi, Mechelen, Anderlecht i sitt heimlege Belgia, og for dei engelske klubbane Newcastle og Fulham. Det vart hos Newcastle han vart kjend som ein offensiv mittback for hans løp framover på bana i laget som vart kalla «The Entertainers».

Albert spelte 41 landskampar for Belgia fra 1987 til 1997, og representerte sitt land i 1990 og 1994

Klubbkarriere[endre | endre wikiteksten]

Albert byrja karrieren med Charleroi, før han vart overført til KV Mechelen. Innsatsen hans førte til at han vart årets spelar i Belgia i 1992 og han vart overført til Anderlecht. Han vann den belgiske ligaen to gonger og hjelpte Belgia å kvalifisera seg til VM i USA.

Bedriftane hans i VM førte til eon 2,6 millioners overgang til Kevin Keegan sitt Newcastle United; han vart utsedd draktnummer 27 og fullførte overgangen på 27-årsdagen sin. Han påstod seinare at han avslo tilboda om å gå til Fiorentina og Juventus året før, sidan han ikkje likte det varme klimaet eller å spele på søndagar, og flytte til Newcastle sidan han var ein tilhengjar av Keegan og laget han spelte for Liverpool då han var ung. Han vart en umiddelbar suksess i laget hjelpte han dei å vinne dei seks fyrste kampane, men gjekk seinare glipp av resten av sesongen grunna skade og Newcastle vart nummer seks i serien - ikkje eingong nok til å kvalifisera seg til UEFA-cupen. Albert vart ein kulthelt i Newcastle United grunna si offensive haldning hjå The Entertainers-midtforsvaret, han ville ofte gjera løp framover på bana og han vart ofte funne vandrande mot motstandarans femmeter. Han mest namngjetne augneblikk kom utan tvil då han skåra på ein dristig lobb over Peter Schmeichel i ein 5-0 siger over Manchester United den 20. oktober 1996.

Skadar mot slutten av tiåret avgrensa sjansane hans til fyrstelaget, og han spelte berre 13 kampar på lån til tredjenivålaget Fulham FC leia av den tidlegare sjefen hans på Newcastle, Keegan. Han skåra to gonger under sesongen der dei rykka opp frå 2. divisjon til 1. divisjon.

Etter at Albert forlet Newcastle i 1999, slutte han seg igjen til Charleroi og var der ein sesong før han trekte seg tilbake frå fotballen.

Landslagskarriere[endre | endre wikiteksten]

Albert spelte 41 landskampar for Belgias landslag. Han hadde debut i 1987, men vart kjend under VM i fotball 1994. Der spelte han i fire av Belgia sine kampar, skåra mot Nederland i sin fyrste kamp og mot Tyskland i mellomrundekampen, som Belgia tapte 3-2.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Belgisk seriemeister: 1989 med KV Mechelen
  • Belgisk seriemeister: 1993 og 1994 med Anderlecht
  • Belgisk cupmeister: 1994 med Anderlecht