Philodice
| Philodice | |
Magentakolibri (Philodice bryantae) | |
| Systematikk | |
| Rike: | Dyr Animalia |
| Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
| Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
| Klasse: | Fuglar Aves |
| Orden: | Seglarfuglar Apodiformes |
| Familie: | Kolibriar Trochilidae |
| Underfamilie: | Trochilinae |
| Stamme: | Mellisugini |
| Slekt: | Philodice Mulsant, J. Verreaux & E. Verreaux, 1866 |
Philodice er ei biologisk slekt av kolibriar i stammen Mellisugini, «bikolibriar». Slekta omfattar berre to artar, heimehøyrande i neotropane, med oppstykka utbreiing frå Costa Rica i det austlege Mellom-Amerika til sørlege Ecuador i det nordvestlege Sør-Amerika.
Det maskuline slektsnamnet Philodice kjem frå gresk mytologi: Filodice, kona til Leucippos og dotter av Ínako.[1]
Kjenneteikn
[endre | endre wikiteksten]Kolibriane i denne slekta måler om lag 9 cm i lengd for hannar og 7,5 cm for hoer, tydeleg kjønnsdimorfisme i storleik. Hannane har ein raudleg-purpur glinsande strupeflekk, raudbrun nedre buk, grøn overside og ein sterkt kløyvd hale med smale fjør. Hoene har lys brunaktig kvit strupe og brystband, grøntspragla bryst, resten av undersida er raudbrun eller bleikbrun, oversida er grøn; stjerten er avrunda.[2][3]
Systematikk og taksonomi
[endre | endre wikiteksten]Slekta Philodice vart føreslått av dei franske ornitologane Étienne Mulsant, Jules Verreaux og Édouard Verreaux i 1866, med Trochilus mitchellii som typeart, no kjend som Philodice mitchellii (purpurkolibri).
Dei to artane vart tidlegare plasserte i slekta Calliphlox. Fylogenetiske studiar viste at dei dåverande artane Calliphlox bryantae og Calliphlox mitchellii danna ein klade saman med slektene Eulidia, Microstilbon og Chaetocercus, og dei vart difor flytta til den attoppretta slekta Philodice.[4]
Artsoversyn
[endre | endre wikiteksten]Slekt Philodice i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V15.1, 2025,[5] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[6] Verdas naturvernunion, IUCN, har vurdert begge artane som livskraftige:[7]
| Bilete | Norsk namn | Vitskapleg namn | Autor | Utbreiing |
|---|---|---|---|---|
| Magentakolibri | Philodice bryantae | (Lawrence, 1867) | ||
| Purpurkolibri | Philodice mitchellii | (Bourcier, 1847) | ||
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Første versjon av denne artikkelen var basert på «Philodice (Trochilidae)» frå Wikipedia på spansk, den 17. juni 2025
- Referansar
- ↑ Jobling, James A. (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 303. ISBN 978-1-4081-2501-4.
- ↑ Schuchmann, K.L.; Boesman, P. F. D. (2020). del Hoyo, J.; Elliott, A.; Sargatal, J.; Christie, D. A.; de Juana, E. (red.). «Purple-throated Woodstar (Philodice mitchellii), version 1.0». Birds of the World Online. Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY. doi:10.2173/bow.putwoo1.01.
- ↑ Stiles, F. G.; Boesman, P. F. D. (2020). del Hoyo, J.; Elliott, A.; Sargatal, J.; Christie, D. A.; de Juana, E. (red.). «Magenta-throated Woodstar (Philodice bryantae), version 1.0». Birds of the World Online. Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY. doi:10.2173/bow.matwoo1.01.
- ↑ McGuire, J.; Witt, C.; Remsen, J.V.; Corl, A.; Rabosky, D.; Altshuler, D.; Dudley, R. (2014). «Molecular phylogenetics and the diversification of hummingbirds». Current Biology. 24 (8): 910–916. doi:10.1016/j.cub.2014.03.016. PMID 24704078.
- ↑ Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2025. IOC World Bird List (v15.1). doi : 10.14344/IOC.ML.15.1 Henta 16. juni 2025
- ↑ «Norske navn på verdens fugler». Norsk navnekomité for fugl (NNKF). 16. juni 2025. søk på Philodice
- ↑ BirdLife International (2024). «Empidonax». IUCN - Global raudliste. Henta 16.06.2025.
{{cite web}}: Check date values in:|vitja=(hjelp)
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (en) Philodice i Global Biodiversity Information Facility
- (en) Philodice hos ITIS
- (en) Philodice hos NCBI
- Philodice (Trochilidae) – detaljert informasjon på Wikispecies