Hopp til innhald

Phocoena

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Phocoena
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Klauvdyr Artiodactyla
Overfamilie: Delphinoidea
Familie: Nisefamilien Phocoenidae
Slekt: Phocoena
Cuvier, 1816

Phocoena er ei biologisk slekt av fire små tannkvalar i nisefamilien, Phocoenidae.

Phocoena-artane blir maksimalt 1,5 til 2,30 meter lange. I motsetning til dei nærskylde delfinane har dei eit avrunda hovud, butt snute utan koniske tenner, men har i staden nåle- eller spadeforma tenner. Ryggsida deira er vanlegvis grå til mørkegrå, hos svartnise også svart, og hos brillenise blåsvart, medan buksida er lys eller hvitaktig. Overgangen mellom desse fargane kan vere uskarp eller tydeleg avgrensa som hos svartnisa og brillenisa.

Phocoena-artane skil seg frå indianise (Neophocaena phocaenoides) mellom anna ved at dei har ein ryggfinne, som ofte varierer i form innanfor same art og kan vere trekanta, sigdforma eller stor og avrunda. I motsetning til stillehavsnise (Phocoenoides dalli) har Phocoena-artane, med unntak av gamle hannindivid av svartnise, ikkje ein forhøgd halefinne.

BileteVitskapleg namnNorsk namn[1]Utbreiing
Phocoena dioptricaBrillenisesirkumpolar i kjølige sub-antarktiske og låge antarktiske farvatn
Phocoena phocoenaNisekjøligare kystvatn i Nord-Atlanteren, Nord-Stillehavet og Svartehavet
Phocoena sinusKalifornianisedet nordlege området av California-gulfen, eller Cortezhavet
Phocoena spinipinnisSvartnisekysten av Sør-Amerika
Utbreiing
  1. Verdens dyr. Oslo: Den norske Bokklubben. 1985. s. 44-45. ISBN 8252519059.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Phocoena