Phoenix

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Phoenix (fleirtyding).
Phoenix
Horisonten til Phoenix
Styresmakter
Land
Delstat
Fylke
USA
Phoenix
Maricopa County
Grunnlagd 1881
Geografi
Flatevidd
 - By

1,334.1 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik
 - Byområde
 - Storbyområde

4 579 427
  1,188/km²
1 552 259
1 262 027
Diverse anna
Nettstad: www.phoenix.gov

Phoenix er hovudstad og den største byen i den amerikanske delstaten Arizona. I 2007 hadde han eit folketal på 1 552 250.[1]

Phoenix blei grunnlagd som by i 1867. Han blei kalla opp etter fugl Føniks fordi han blei bygd oppå gammal indiansk busetnad.[1]navajo har staden namnet «Hoozdo» ('Denne staden er varm'). I 1889 blei Phoenix hovudstad for territoriet og i 1912 for den nye delstaten Arizona.[1] Eit universitet, Arizona State University, blei grunnlagd i forstaden Tempe i 1885.[1]

Utsyn over Phoenix sentrum.

På 1950-talet blei folketalet i Phoenix dobla. Aukingstakten var 35 % i 1970–80 og 24,5 % i 1980–90. Phoenix er i dag del av ein større byregion, Phoenix–Mesa–Scottsdale (metropolitan area), som til saman har 4 179 400 innbyggjarar (2007).[1]

Phoenix ligg ved Salt River i eit særs tørt område. Det vanlegaste vêret er sol frå skyfri himmel. Gjennomsnittleg nedbør er rundt 211 mm kvart år. Det er sjeldan det snør på staden, men det har hendt.

Byen er sentrum for eit rikt kunstvanningsområde. Lokal industri byggjer på produksjon av næringsmiddel, jern og andre metall, fly og elektronikk. Turisme er også ein viktig næringsveg.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 «Phoenix: by» (14. februar 2009). Store norske leksikon.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]