Phoenix Foundation

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Phoenix Foundation er ein amerikansk libertariansk organisasjon.

Under leiing av eigedomsmillionæren Michael Oliver, prøvde Phoenix Foundation i 1972 å gjennomføre ei statsdanning, Minerva, kring ei plattform på eit sandrev i Stillehavet. Forsøket mislukkast då Tonga annekterte plattforma. Målet til Phoenix Foundation var å skape eit skatteparadis, og dei freista seinare å danne statar på øyene Abaco i Bahamas (1973) og Espiritu Santo i Vanuatu (1980). Begge gangene vart organisasjonen stoppa av at naboland greip inn.

Phoenix Foundation er også namnet på firmaet fjernsynshelten MacGyver jobber i.