Phoenix Wright: Ace Attorney − Justice for All
| Phoenix Wright: Ace Attorney – Justice for All | |||
| Utviklar(ar) | Capcom | ||
|---|---|---|---|
| Utgjevar(ar) | Capcom | ||
| Distributør | Nintendo eShop, Google Play, App Store | ||
| Kreativt ansvarleg(e) | Shu Takumi | ||
| Produsent(ar) | Atsushi Inaba | ||
| Forfattar | Shu Takumi | ||
| Komponist(ar) | Naoto Tanaka | ||
| Serie | Ace Attorney | ||
| Plattform(er) | Game Boy Advance, Windows, Nintendo DS, Wii, iOS, Android, Nintendo 3DS | ||
| Utgjeving | Game Boy Advance JP: 22. oktober 2002 Nintendo DS JP: 26. oktober 2006 NA: 16. januar 2007 EU: 16. mars 2007 Nintendo 3DS JP: 17. april 2014 NA: 9. desember 2014 EU: 11. desember 2014 | ||
| Sjanger | Eventyr, visuell roman | ||
| Spelemodus | Einspelar | ||
| Aldersgrense | PEGI 12 | ||
| Nettstad | http://www.capcomasia.com.hk/saiban2/saiban2_01.htm | ||
| Del av serien Ace Attorney⠀ | |||
| ←Phoenix Wright: Ace Attorney⠀ · Phoenix Wright: Ace Attorney − Trials and Tribulations→ | |||
Phoenix Wright: Ace Attorney − Justice for All er eit dataspel innan sjangrane eventyrspel og visuell roman, utvikla av Capcom. Det var opphavleg utgjeve til Game Boy Advance i 2002 i Japan, og har sidan blitt utgjeve til fleire plattformer. Utgåva av spelet til Nintendo DS, som kom ut i 2006 i Japan, blei omsett til engelsk og utgjeve i 2007 i Nord-Amerika og Europa. Spelet er oppfølgjaren til Phoenix Wright: Ace Attorney og er det andre spelet i Ace Attorney-serien.
Historia følgjer Phoenix Wright, ein forsvarsadvokat som forsvarer klientane sine i fire ulike episodar. Andre karakterar i spelet er mellom andre partnaren Maya Fey, søskenbarnet hennar, Pearl, og ein rivaliserande aktor, Franziska von Karma. Spelet er delt inn i to typar av seksjonar: rettssaker, der spelaren spør ut vitne og freistar å avdekke motseiingar i vitnesbyrdet, og etterforskingar, der spelaren samlar inn bevis og snakkar med vitna.[1]
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «ANMELDELSE: Phoenix Wright: Ace Attorney Justice for All». Gamer.no. Henta 8. april 2018.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell japansk nettstad Arkivert 2008-11-08 ved Wayback Machine.