Phormium tenax

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Phormium tenax
Phormium tenax
Phormium tenax
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Aspargesordenen Asparagales
Familie: Aloefamilien Asphodelaceae
Underfamilie: Hemerocallidoideae
Slekt: Phormium
Art: P. tenax
Vitskapleg namn
Phormium tenax
TuihonningetarP. tenax

Phormium tenax er ein fleirårig plante frå New Zealand og Norfolkøya. Han veks som ein klump av lange, reimaktige blad med ei lengd på opptil to meter. Endå lengre blomestenglar veks opp frå denne klumpen og blomstrar med raude eller gule blomar.[1]

P. tenax er no utbreidd som prydplante, men har ei lang historie bak seg som fiberplante på New Zealand.[1] Fiberet blei brukt av maoriar sidan dei busette seg på New Zealand, mellom anna til klede, men også til reip og segl[2] etter at europearar kom til regionen og minst fram til andre verdskrigen. På maori er planten kjend som harakeke. På engelsk blir han kalla New Zealand flax eller berre flax ('lin'), sistnemnde typisk på New Zealand.[3] New Zealand hemp er også blitt brukt historisk i samband med sjøfart.[3]

P. tenax er ein invasiv art på ein del stillehavsøyar og i Australia.[4] Blada inneheld cucurbitacinstoff som er giftige for nokre dyr, og nokre av dei gjev ein av dei bitraste smakane menneske kan sansa.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Roger Holmes and Lance Walheim. 2005. California Home Landscaping, Creative Homeowner Press ISBN 978-1-58011-254-3
  2. http://www.nzetc.org/tm/scholarly/tei-Gov09_02Rail-t1-body-d7-d2.html
  3. 3,0 3,1 «Phormium tenax». Germplasm Resources Information Network (GRIN) (Agricultural Research Service (ARS), United States Department of Agriculture (USDA)). Henta 18 December 2017. 
  4. «Phormium tenax (PIER species info)». Pacific Island Ecosystems at Risk (PIER). 9 January 2011. Henta 20. august 2012. 
  5. «New cucurbitacins from Phormium tenax and Marah oreganus». Phytochemistry 17: 767–769. doi:10.1016/S0031-9422(00)94223-7. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Phormium tenax