Pi-dagen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pai bakt til pi-dagen med pi-teiknet i midten og nokre av desimalane i pi rundt kanten.

Pi-dagen er ei uoffisiell feiring av den matematiske konstanten pi. Feiringa går føre seg den 14. mars, (3/14 i amerikansk datoformat) tett opp mot klokka 1:59:26. Tida vart vald ved å sjå på dei første desimalane i π (3,1415926). Under feiringa er det vanleg å ete pai (engelsk pie).

På denne dagen vart tilfeldigvis Albert Einstein fødd, og det er vanleg å syngje gebursdagssong for han under feiringa.

Fysikaren Stephen Hawking døydde på denne datoen i 2018.

Tilnærmingsdagen er vanlegast å feire den 22. juli (22/7) sidan 22/7 er den mest nytta tilnærminga av pi.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Pi-dagen