Pia Borgli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pia Borgli
Fødd28. april 1959 (64 år)
Verka somskodespelar, filmskodespelar, stemmeskodespelar

Pia Dian Borgli (fødd 28. april 1959) er ein norsk skodespelar.

Virke[endre | endre wikiteksten]

Borgli debuterte i 1980 og har i tida etter hovudsakleg vore tilknytt Oslo Nye Teater, der ho vart fast tilsett i 1988. Ho har òg vore tilsett ved Nationaltheatret i Oslo. Borgli har gjort seg merka i ulike roller både innan komedie og drama. I barneteater har ho mellom anna spelt Snøhvit og Ronja Røverdatter og dessutan Klatremus i Dyrene i Hakkebakkeskogen. Ho gjorde eit sterkt inntrykk som incestoffer i stykket Fuglepappa'n og som ein av samvitsfangane i Pål Løkkeberg si fjernsynsteateroppsetjing av Jorge Diaz sitt fengselsdrama Canto Libre i 1989

På film har ho kanskje gjort seg mest notert som opprørsk dotter og pønkar i den norske storfilmen Galskap! frå 1985. Pønkar var ho òg i fjernsynsteateroppsetjinga av Syx i 1988 (skrive av Brynjar Aa) der ho spelte mot Astrid Folstad. Ho medverka òg i filmen Femti-femti frå 1982, som også var debuten hennar som filmskodespelar. Ho har tillegg hatt roller i ei rekkje andre norske filmar, mellom dei, Tomme Tønner i 2011.

Borgli har òg gjort seg merka i Radioteatret, og har gitt stemme til ei rekkje teikneserie og animasjonsfigurar som Gurin i Solan, Ludvig og Gurin med reverompa, Blekkulf, Hugo i Jungeldyret Hugo, Kvitrebekk i Tornerose og mange fleire. Ho har òg lese inn lydbøkene Ronja Røverdatter og Sunaneng av Astrid Lindgren.

På TV har ho blant anna vore å sjå i julekalenderen Amalies jul (1995) som Nissungen, og dessutan ei gjesterolle i komiserien Pila Flyttebyrå frå 1987.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Ho er tanta til skodespelaren Vanessa Borgli og syster av Petter J. Borgli.

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

TV-opptredenar[endre | endre wikiteksten]

Dataspel[endre | endre wikiteksten]

  • 2001 Josefine i Gulrotparken Sofus (stemme, videospel)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]