Piacenza

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Piacenza
Horisonten til Piacenza
Horisonten til Piacenza
Plassering
Piacenza is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Emilia-Romagna
Piacenza
Grunnlagd 218 fvt.
Geografi
Flatevidd
 - By

118 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2005)
   - folketettleik

99 150
  806/km²
Koordinatar 45°3′″N 9°42′″EKoordinatar: 45°3′″N 9°42′″E
Høgd over havet 61 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 29100
Telefon-retningsnummer 0 523
Nettstad: www.comune.piacenza.it

Piacenza (Placentialatin) er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Piacenza i regionen Emilia-Romagna og har om lag 100 000 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Antikken[endre | endre wikiteksten]

Før romarane grunnla ein busetnad her var området busett av keltiske og liguriske stammer. Piacenza vart grunnlagd i 218 fvt. og formelt kalla Placentia. Same året vann Hannibal slaget ved Trebbia i Piacenza-området, men byen klarte å stå i mot dei kartagiske styrkane. Dei påfølgjande åra vart området rundt byen drenert og det vart bygd ei hamn ved elva Po. Placentia blømde som eit produksjonssenter for korn, hirse og ull. Sjølv om han vart plyndra og rasert mange gonger, kom byen seg alltid på fote att og så seint som på 500-talet kalla Procopius byen Urbs Aemilia Princeps eller «Prinsessa av byane langs Via Aemilia».

Mellomalderen[endre | endre wikiteksten]

Piazza Cavalli og fasaden til Il Gotico i Piacenza.

Piacenza vart plyndra under dei gotiske krigane (535–552). Etter ein kort periode under Austromarriket vart han erobra av langobardar, som gjorde han til sete i eit grevskap. Etter at frankarane erobra byen på 800-talet vart det ei oppgangstid, hjelpt av plasseringa langs Via Francigena som gjekk frå Roma til Det tysk-romerske riket.

I 1095 var byen åstad for rådet i Piacenza der det første krosstoget vart erklært. Frå 1126 var Piacenza ein fri kommune og eit viktig medlem i Det lombardiske forbundet. I denne rolla tok han del i krigen mot keisar Fredrik Barbarossa og i slaget ved Legnano (1176). Han kjempa òg mot nabokommunane Cremona, Pavia og Parma, og utvida områda sine. Piacenza tok kontroll over handelsrutene mot Genova, der dei første bankmennene frå byen alt hadde slått seg ned, frå grevane i familien Malaspina og biskopen av Bobbio.

På 1200-talet, trass i ein mislykka krig mot keisar Fredrik II var Piacenza framleis ein sterk by ved breidda av Po. Jordbruk og handel blømde i desse hundreåra og Piacenza vart ein av dei rikaste byane i Europa. Dette ser ein igjen i dei mange flotte byggverka som ført opp i denne perioden. Som i dei fleste andre italienske byar på denne tida var det harde indre stridar om å kontrollere byen. Familiane Scotti, Pallavicino og Alberto Scoto (1290-1313) hadde makte i denne rekkefølgja i denne perioden. Scoto sitt styre enda då Visconti av Milano erobra byen og dei heldt han fram til 1447. Hertug Gian Galeazzo skreiv om lovene til Piacenza og flytta Universitetet i Pavia hit. Piacenza kom inn under Sforza fram til 1499.

Den moderne perioden[endre | endre wikiteksten]

Ein mynt frå 1500-talet viser mottoet: Placentia floret («Piacenza blømer»). Byen hald fram å vekse, mykje på grunn av jordbruksprodukta frå landsbygda. I denne perioden vart det bygd nye bymurar. Piacenza vart under Frankrike fram til 1521, og seinare, under Leo X, ei kort stund under Kyrkjestaten. I 1545 vart han til slutt ein del av det nyoppretta Hertudømet Parma og Piacenza, som vart styrt av familien Farnese.

Piacenza var hovudstad i hertugdømet fram til Ottavio Farnese (1547-1586) flytta han til Parma. Under hertug Odoardo (1622-1646) døydde 6 000 innbyggjarar ut av 30 000 av svolt og så og 13 000 Piacentini av pest. Byen og landsbygda vart òg plyndra av bandittar og franske soldatar.

Frå 1732 til 1859 vart Parma og Piacenza styrt av Huset Bourbon. På 1700-talet nudde hertugfamilien i Parma, men fleire bygg som høyrte til adelsfamiliane, som Scotti, Landi og Fogliani vart bygd i Piacenza.

I 1802 annekterte Napoleon sin hær Piacenza til Det franske riket. Dei unge innbyggjarane i byen vart send for å kjempe i Russland, Spania og Tyskland, medan mange flotte kunstverk vart stole frå byen og flytta til franske museum.

Habsburg-styret til Maria Luisa 1816-1847 vert hugsa som ein av dei beste periodane til Piacenza. Hertuginna drenerte store landområde, bygde fleire bruer over elvane Trebbia og Nure, og oppretta både utdanning- og kunstinstitusjonar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Piacenza
Reiseguide for Piacenza frå Wikivoyage