Édith Piaf
Édith Piaf | |||
| |||
Fødd | 19. desember 1915 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Paris | ||
Død | 10. oktober 1963 (47 år) | ||
Dødsstad | Grasse, 16. arrondissement | ||
Fødenamn | Édith Giovanna Gassion | ||
Alias | Édith Piaf | ||
Opphav | Frankrike | ||
Aktiv | 1935–1963 | ||
Sjanger | chanson, chanson réaliste, ballade | ||
Instrument | vokal | ||
Stemmetype | alt | ||
Plateselskap | Pathé-Marconi, Polydor Records | ||
Verka som | songar, skodespelar, plateartist, chansonnier, gateartist, låtskrivar | ||
Mor | Line Marsa | ||
Far | Louis Gassion | ||
Gift med | Jacques Pills, Théo Sarapo | ||
Sambuar med | Marcel Serdan, Louis Gérardin, Yves Montand | ||
Born | Marcelle Dupont | ||
Prisar | Grammy Hall of Fame Award, sølvplate, gullplate, platinaplate |
Édith Piaf (19. desember 1915–10. oktober 1963) fødd Édith Giovanna Gassion i Paris i Frankrike, er ein av dei mest kjente franske songarinnene nokonsinne, og hadde stor suksess i tida rundt andre verdskrigen.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Piaf vart forlaten av mor si og oppdregen av farmor si som dreiv eit bordell i Normandie. Frå ho var tre til ho var sju var ho blind. Det vert sagt at ho vart kurert då ho vart teken med av dei prostituerte som arbeidde for bestemora på ei pilegrimsreise til den heilage Teresa av Lisieux. Seinare budde ho ei tid hos den alkoholiserte far sin, som ho så forlét då ho var 15 og reiste til Paris og byrja som gatesongar der.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]I 1935 vart Édith oppdaga av nattklubbeigaren Louis Leplée. Klubben var populær blant høg og låg. Han fekk ho til å syngje der, og gav ho tilnamnet La Môme Piaf ('sporvungen'), som skulle fylgje ho igjennom heile livet. Hennar fyrste plate vart produsert same år. Kort tid etter vart Leplée myrda. Piaf vart skulda for å ha vore medverkande, men blei frikjend.
I 1940 skreiv Jean Cocteau det populære stykket Le Bel Indifférent og gjorde ho til stjerne i det. Dette bidrog sterkt til Piaf sitt gjennombrot; ho kom i kontakt med og vart venn med berømte folk som skodespelaren Maurice Chevalier og diktaren Jacques Borgeat.
Musikken hennar reflekterte det tragiske livet hennar, og spesialiteten var balladane hennar som vart framført med ei sorgtung stemme. Dei mest kjende songane hennar er «La Vie en Rose», «Milord» og «Non, je ne regrette rien».
Édith døydde 10. oktober 1963 i Plascassier, ein forstad til Grasse, nord for Cannes. Ho er gravlagd på kyrkjegarden Père Lachaise i Paris.