Pianokonsert nr. 14 av Mozart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pianokonsert nr. 14 i Ess-dur
K. 449
Pianokonsert av Wolfgang Amadeus Mozart
Periode Wienerklassisismen
Komponert 1784
Typisk lengd 21:57
Satsar 3

Pianokonsert nr. 14, K. 449, av Wolfgang Amadeus Mozart vart skriven i 1784 som ein pianokonsert i Ess-dur. Han er den første komposisjonen han skreiv inn i notebok han skreiv i dei neste sju åra, der han skreiv ned hovudtema, når dei var ferdige og anna viktig informasjon. Frå denne noteboka har ein informasjon om at konserten var ferdig den 9. februar.

Same året skreiv han fleire konsertar, og i eit brev til faren i mai, skreiv han om den 15. og 16. konserten (i B og i D, KV. 450 og 451) at han «ikkje kunne velje mellom dei», men at den i Ess, «ikkje i det heile høyrte til same kategori. Han er ganske særeigen...» Konserten er rekna som den første av dei seinare konsertane Mozart skreiv, og ekspertar som Girdlestone og Hutchings har derfor rekna han som blant dei beste, særleg fordi alle tre satsane held høg standard.

Satsar[endre | endre wikiteksten]

Konserten har tre satsar:

  1. Allegro vivace. (3/4).
  2. Andantino. (B-dur og 2/4-takt).
  3. Allegro ma non troppo. (2/2).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]