Pianokonsert nr. 17 av Mozart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pianokonsert nr. 17 i G-dur
K. 453
Pianokonsert av Wolfgang Amadeus Mozart
PeriodeWienerklassisismen
Komponert12. april1784
UrframføringMidten av 1784
Typisk lengd30:14
Satsar/akter3
ToneartG-dur

Pianokonsert nr. 17 i G-dur, KV. 453, av Wolfgang Amadeus Mozart, vart skriven i 1784.

Verket er skriven for solo piano, fløyte, to oboar, to fagottar, to valthorn og strykarar. Som typisk for solokonsertar er han skriven i tre satsar:

  1. Allegro
  2. Andante i C-dur
  3. Allegretto – Presto

I følgje notat på partituret av komponisten sjølv, vart konserten skriven ferdig den 12. april 1784.

Det er usikkert når stykket hadde premiere. Ei kjelde seier at verket vart første gong spelt av studenten til Mozart, Barbara Ployer, den 13. juni 1784 på ein konsert der Mozart hadde invitert Giovanni Paisiello for å lytte til både henne og dei nye komposisjonane sine, mellom anna den nyskrivne Kvintet i Ess for piano og blåseinstrument. Etter dette spelte Ployar og Mozart i lag Sonate for to piano, K. 448. Ei anna kjelde, Lorenz (2006, 314), seier at Mozart ikkje venta to månader før han spelte verket, men spelte det på konserten sin med Regina Strinasacchi den 29. april 1784 i Kärntnertortheater. Generelt kan ein sei at forskarane er samde om at det først vart spelt ein gong midtvegs ut i 1784.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Hutchings, A. A Companion to Mozart's Piano Concertos, Oxford University Press.
  • Lorenz, Michael (2006) «New And Old Documents Concerning Mozart's Pupils Barbara Ployer And Josepha Auernhammer», Eighteenth-Century Music 3/2, (Cambridge University Press).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]