Pianokonsert nr. 3 av Mozart
K. 40 Pianokonsert av Wolfgang Amadeus Mozart | |
Periode | Wienerklassisismen |
---|---|
Komponert | 1767 |
Typisk lengd | 13:14 |
Satsar/akter | 3 |
Toneart | D-dur |
Pianokonsert nr. 3 i D-dur, K. 40, er ein pianokonsert av Wolfgang Amadeus Mozart, skriven i Salzburg i 1767, då Mozart berre var elleve år gammal. Dei tidlege konsertane til Mozart vert meir rekna som ei øving i sjangeren, og ein studie av orkestereffektar og fargar. Konserten vart komponert etter ei lang reise i Europa (1763-1766) og dei fire første pianokonsertane hans låner alle sonatesatsar frå fleire andre komponistar som Mozart møtte på vegen, mellom andre Johann Schobert og Hermann Friedrich Raupach. Denne metoden å komponere på var ikkje uvanleg på denne tida, særleg innan opera.
Konserten er skriven for strykarar, piano (eller cembalo), og to horn, to oboar og to trompetar. Satsane er:
Denne konserten låner pianosonatar frå Leontzi Honauer (Op. 2 nr. 1), Johann Gottfried Eckerd (Op. 1 nr. 4), og C.P.E. Bach («La Bohmer», frå W. 117).
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
Pianokonsert nr. 3 av Mozart på Allmusic
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Pianokonsert nr. 1, No. 2, No. 3, No. 4: Fritt tilgjengelege notar på International Music Score Library Project.